NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

mandag 27. oktober 2014

Vi fiskar, og lagar skattekiste av fisk og grønsaker.

Mål:

  •                At barna opplever eit inkluderande fellesskap, med plass til det enkelte barnet.
  •         La barna undre seg over det vi ser og opplever på turen, dette kan motivere dei til å setje ord på det dei ser.
  •         At barna får gode erfaringar med friluftsliv og uteliv om hausten.
  •         At barna får kunnskapar om eit sunt kosthald.
  •         At barna får kunnskap om korleis dei skal te seg ved sjøen, i fjøra.
  •         Barna skal få kunnskap om korleis dei handterer kniv.
  •         Barna skal få oppleve gleda ved å lage, og ete maten dei har vore med på å lage, ute i naturen.    

Nokre fiskar, medan dei ventar på å få skjere grønsaker. Bål må til når ein skal grille til mange, og vi er heldige å få låne ein stor grill.





Alle vel ut det dei vil ha i skattekistene sine og pakkane blir merka med namn.



torsdag 23. oktober 2014

TARKUS PÅ BESØK PÅ REFLEKSDAGEN 16. OKTOBER

Torsdag 16. oktober var den nasjonale refleksdagen. Målet med kampanjen er å få auka bruken av refleks og få ned talet på fotgjengarulykker.


Vi på Maurtua fekk besøk av Tarkus denne dagen. Han hadde med refleks og refleksband til alle saman! Han fortalde oss kor viktig det er å bruke refleks no i vinterhalvåret. Det er viktig å sjå og bli sett i trafikken! Alle saman fekk ein god klem av Tarkus! Stor stas! 

Når vi på Maurtua går på tur, har vi alltid på oss refleksvest.

Då viser vi godt både når vi går langs vegen og i skogen.


                   



mandag 20. oktober 2014

Formingsaktivitet der vi bruker kolstiftane.

Mål for formingsaktiviteten:



  • -          La barna ta i bruk fantasi, kreativitet og skaparglede.
  • -          Vidareutvikle finmotorikken og auge- handkoordinasjonen.
  • -          Barns medverknad: dei får sjølve bestemme korleis biletet skal sjå ut.

I denne aktiviteten skulle vi stimulere ulike sansar, lukt, syn og den taktile sansen.
Kolstiftane lukta bål. For å treffe strekane sine når dei skulle lage bæra, måtte dei øve på auge-hand koordinasjonen.


Dei fekk og kjenne kor ulikt, kolstiftane og malinga kjendes mot fingertuppane. 



Barna fekk sjølve bestemme korleis bilda skulle sjå ut, men dei hadde eit forslag å sjå etter, og bilete av ein rognebærklase, som inspirasjon. Vi skulle eigentleg teikne med rognebær, men fant ikkje nok bær til å gjennomføre den aktiviteten, så vi nytta maling i staden for.


torsdag 16. oktober 2014

Vi lagar kolstiftar og steiker pinnebrød på bål.

Mål for aktiviteten:
  • -          At barna får gode erfaringar med friluftsliv og uteliv om hausten.
  • -          At barna får kunnskap om korleis ein må te seg ved bål.
  • -          Barna skal få kunnskap om korleis vi lagar kolstiftar.
  • -          Barna skal få kunnskap om korleis dei handterer speidarkniv.
  • -          Barna skal få erfaring med å lage pinnebrød på bål.
  • -          At barna får kunnskap om tresorten Lønn.
  • -          At barna får vidareutvikle kroppskontrollen, grovmotorikken, finmotorikken,   rytmen og den  motoriske kjensleevna.



Vi starta aktiviteten med å finne igjen
lønnetrea som vi hadde sett oss ut sist vi var
på tur. Vi klipte av greiner som vi tok med
ned på stranda, og der fekk barna spikke av 
barken
 

Når barken var fjerna, kutta vi pinnane i rett lengde, putta dei i blikkboksar og brende dei på bålet. Medan kolstiftane brende, leita vi etter rognebær i skogen, men fant berre nokre få.


Og så grilla vi pinnebrød på bålet J










Slik blei resultatet av kolstiftbrenninga.

Kolstiftane nytta vi i ein formingsaktivitet dagen etter.  

tirsdag 14. oktober 2014

10. OKTOBER: DEN STORE POTETDAGEN I BARNEHAGEN

Fredag var alle på Maurtua med og tok opp potetene som vi sette ned i store bøtter (med mold) i mai. Randi teikna og forklarte korleis det kom mange poteter ut frå «mammapoteta». Harane hadde lært ein fin song om poteta som dei song til oss. 




Vi snudde bøttene med mold opp/ned, - så måtte vi bruke spade og fingrane for å finne potetene nede i molda. Alle var veldig ivrige! Nokon synst det var litt ekkelt å ta i molda med hendene. Makkane likte seg veldig godt nedi molda! Vi fann nokre bittesmå gulrøter også!



 

Alle hjelpte til, og vi plukka veldig mange poteter! No skulle det bli godt å smake på dei! Vi steikte dei i omnen saman med litt olje og salt. Trur det var dei aller fleste som synst det smakte kjempegodt! Spennande å hauste eigne poteter i barnehagen J J



 



onsdag 8. oktober 2014

SKOGMUSENE OG KLATREMUSENE REISER PÅ FLYTUR TIL ETIOPIA

Kjempespennande å sjå på jordkloden for å finne ut kvar vi bur og kor langt vi må reise når vi skal heilt til Etiopia!


Før vi landa med flyet i Etiopia såg vi at der var mange spennande ville dyr. Vi såg elefantar, sjiraffar, apekattar, nasehorn, -  og så såg vi tre med bananar!! Dette må vi sjå litt nærare på! Vi såg også at nokre budde i jordhytter. Dei budde både i runde og firkanta jordhytter.

 


Klatremusene og Skogmusene lærte korleis flagget til Etiopia såg ut, og så teikna dei noko frå Etiopia. 

tirsdag 7. oktober 2014

REVANE PÅ TUR TIL GURINEST 6. OKTOBER 2014

I dag skulle vi sjå om vi fann lønnetre. Det har store blad som liknar på ei hand med sprikande fingrar. Frøet på lønnetreet har ein vinge. Når vi kastar det opp i lufta ser det nesten ut som eit helikopter. I Gurineset var det nesten ikkje lønnetre, men på veg tilbake til barnehagen fann vi fleire.



I dag har det vore sommar ute sjølv om det er 6. oktober! Vi kosa oss og grilla fiskekaker, vi har leika «gøyme og leite» i skogen, klatra på storesteinen og funne biller, nøtter og fine haustblad. Alle revane fekk bruke fotoapparatet. Det vart mange fine haustbilder:















Denne «skapelsen» nede i vatnet fekk i gang fantasien under måltidet. Vi må nok skrive eit lite eventyr om den!
















Vi fann ein stor hageløper i skogen. Spennande å halde i handa! Trur han beit litt også!





 
                                                                                                                                                               
 Gøyme og leite i skogen. Elle, melle, du fortelje …….. Du må stå. Dei talde både på polsk og norsk! Så var det om å gjere å sitje musestille :-) Nok ein flott turdag med revane!

                                                    

torsdag 2. oktober 2014

TEMA I OKTOBER: BARN HJELPER BARN


No skal vi bli kjent med Etiopia. Etiopia ligg i Aust-Afrika på Afrikas horn. 
Vi skal lære litt om korleis det er å bu i Etiopia, og vi skal samle inn penger til      
Barnas Misjonsprosjekt. 
Eit av måla våre er at barna skal føle glede over å hjelpe barn som lever i Etiopia. Vi har ei sparebøsse som vi samlar inn pengar på. Alle som vil kan ta med pengar å legge på bøssa. Spennande å studere kartet å finne ut kor langt det er mellom Noreg og Etiopia. I Etiopia er det ganske annleis enn å bu i Noreg. 


Vi vart også kjent med flagget til Etiopia. 


Dei er gode venner i Etiopia også!