NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

tirsdag 17. februar 2015

REVANE FEIRER BRUNO 6 ÅR OPPE MED LAVVOEN

Mandag hadde vi bursdagsselskap for maskoten vår Bruno i skogen oppe ved lavvoen! Han såg ut som ein konge der han sat i ryggsekken. Han fekk seg ei revepute i presang, og sjokolademuffins og gele til mat.  Trur både han og dei andre Revane har kosa seg! Bursdagsbarnet med 6 lys på kaka! Vi song bursdagssang både på norsk og engelsk!





Etterpå var det oppdagelsestur ute i skogen! Utruleg mykje spennande å studere!  Vi såg masse dyrebæsj og dyrespor. Trur det var rådyr, og kanskje ein hare som budde ute i skogen. Vi såg masse sopp på steiner og tre! I ein roten trestamme budde det mange småkryp. Vi fann både edderkopper, små makker og andre småkryp. Vi gler oss til å sjå om det er endå fleire insekt i trestammen når det blir meir vår!






torsdag 12. februar 2015

HIPP HURRA FOR VATNE BIBLIOTEK

Fredag 6. februar var alle Revane, Klatremusene 

og Skogmusene på tur til biblioteket for å låne bøker J






Kjekt å få bruke biblioteket!
.........................

tirsdag 10. februar 2015

BUKKENE BRUSE I NY OG GAMMAL VERSJON

Både det tradisjonelle eventyret om

Bukkene Bruse og «Bukkene Bruse på Badeland» 
har inspirert barnegruppa 
til dramatisering både ute og inne! 







fredag 6. februar 2015

BOKBÅTEN EPOS


I dag har Harane besøkt bokbåten

 EPOS.




Der fekk dei møte Klovnen Knut som skulle invitere sin beste 
venn Rufus Roff på middag.



I denne forestillinga inviterer Klovnen Knut sin beste firbeinte venn til eit utsøkt måltid. Faktisk verdas beste middag. Det er mykje som skal forberedast: Bordet skal pyntast og bestikk settast fram, før maten omsider blir laga og Rufus Roff gjer sin entre. Mykje å hugse på og ikje alltid like lett å halde tunga i rett munn for ein raudnasa vert som slit med uregjerlige blomster, vasar  med vasar og bestikk – og elles surrar med det meste. Alt går vel ikkje heilt etter oppskrifta. Meir som når ein kjøttrett “faller i fisk”. Her der det duka for tryll og tøys, overraskingar og misforståingar etter som førebuingane skrid fram. Og så er det Rufus Roff da; ein firbeint sjarmerande ulldott som heller ikkje gjer jobben som middagsvert heilt enkel, men desto meir morosam og magisk. Obs! Angst for søl og leik med mat? Slapp av – her er det meste på det tørre.




Før forestillinga fekk vi sjå i nokre av bøkene som dei hadde på båten. 

onsdag 4. februar 2015

Bier i snøen


 
 
 
 



Alle "Biene" våre kosa seg ute i snøen i dag.
 
Ei fin stund der vi både fekk forme ein flott snømann og vi måtte smake litt på alt dette kvite og kalde.