NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

lørdag 28. mars 2015

SISTE DAG FØR PÅSKEFRI PÅ HARESTUA

Då var dagen komen på Harestua til å ta farvel med både studentar og kyllingar.

Det har vore ei spennande og lærerik tid på avdelinga, noko som heile barnehagen, 1. klasse og bygda har vore med på.

 



Studentane hadde eige opplegg for siste dag, med avskjed og kino på storskjerm. Vi ønskjer dei lykke til vidare med Barnehagelærarutdanninga!

 

Mange var innom avdelinga for å seie farvel til dei sjarmerande, søte, små kyllingane våre, og ein stopp på vegen for personell som ikkje hadde sagt farvel til dei måtte til J

                      


Då bar vegen ut til Rogne der dei har fått det fint med matmor Toril, Hønemor og Hønefar.


 

                 



GOD PÅSKE FRÅ STORE OG SMÅ 
PÅ TRYGGHEIM BARNEHAGE VATNE 

fredag 27. mars 2015

PÅSKEFØREBUINGAR PÅ MAURTUA

Alle barna har laga litt påskepynt, hatt samlingar og dramatisert, der dei ulike tema i påskebudskapet vart tatt opp:
  •          Jesus rir inn i Jerusalem.                                                                                                    
  •          Jesus vasker føtene til disiplane/Påskemåltidet.
  •          Jesus døyr og står opp igjen.






På Golgata stod det et kors.
Jesus døde på korset.
I hage var det en grav.
Jesus lå i den graven
:/:Men korset er tomt og graven er tom
Jesus stod opp og han lever.:/:







 

                               


GOD PÅSKE!

torsdag 26. mars 2015

Påskeaktiviteter med Biene


I dag har vi måla på melkekartongar og planta karsefrø i dei.

Det blir spennande å få med heim til Påske for å følgje med når
frøa blir til grøne spirar.
måle..

 putte bomull..

 så..

vatne...

EI ESTETISK OPPLEVING

Eit av arbeidskrava til oss studentane var å gje borna ei estetisk oppleving. På skulen har vi hatt ein del om skuggeteater og vi ville ta dette i bruk under dette arbeidskravet. 

På morgonmøte fikk borna ein invitasjon, der det stod at dei var inviterte til Karius og Baktus-framsyning, same dag. 








Då tida var inne fekk borna komme inn    

etter tur og sette seg i "salen"!    
Rommet var mørk og eit lerret med lys       var det som møtte borna 
når dei kom inn. Spente born satt som nokre lys, klar for førestilling.


Så vart borna ynskja velkomen, kor dei vart fortald om guten Jens som ikkje var så flink å pusse tennene sine. Og om Karius og Baktus som budde i kvar si tann i munnen til Jens!





Så var førestillinga i gong…

 

Karius og Baktus hamrar og bankar i tennene til Jens. Han prøver å pusse tennene sine, men Karius og Baktus bor der fortsatt.



Og mamma til Jens fortel at han må gå til tannlegen. Der vert Karius og Baktus møtt med eit kjempe stort lys og ein mann i kvit frakk. Det var tannlegen! Og så kom det nifse borret!!
Det var kanskje synd i Karius og Baktus, men det var ein som var glad, og det var Jens! J








Etter skuggeteateret fekk alle borna lov til å prøve å lage skuggar sjølve, og leike seg både framfor og bakom lerretet. Det var spanande å sjå sine egne hender og føter som laga skugge på lerretet. 


Etter kvart la borna på ulike leiker på overheaden for å sjå kva form skuggen fekk. Borna var engasjerte og hald på i over ein og ein halv time i etterkant av teateret. Så dette vart ein vellykka estetisk oppleving for borna på Harestua. J




Under teaterframsyninga brukte vi ulike element for å skape lydefektar. Borna fekk komme bak å sjå og prøve desse og pappdokkene i etterkant av framsyninga. 









Vi studentane koste oss med opplegget og håper det gav inspirasjon 
og nye impulsar til leiken!


Helsing  "Karius og Baktus"

             Gro Anita og Maren Beate


STUDENTAR OG TEMAARBEID PÅ HARESTUA 2

Så var det Gro Anita som skulle ta fatt på sitt arbeid med barnegruppa som heitte

PÅ SKATTEJAKT I NATUREN

Her var målet å gje borna nye impulsar ved å ta inn naturmateriale i leiken og ha fokus på grunnleggande bevegelsar og samarbeid i aktivitetane borna skal få jobbe med desse dagane..
For å legge ei ramme rundt opplegget og fengje borna hadde eg valt eit sjørøvartema. Først skulle borna på skattejakt i naturen, etter natur-skattar borna ville ta med tilbake til uteområdet.

 I samlinga fekk borna vite kva vi skulle gjere – kva er ein skatt i naturen eigentleg?
Eg hadde med ei kiste med stein. Dette var eit døme på fine skattar vi kunne samle på.
 Borna samla inn det som var skattar for dei. Pinnar, kjeppar, stein, mose og blomar..

 Ein leik i skogen «Finn det som manglar»
Sjå kva som manglar av naturmateriale på
teppet for så å finne dette sjølv i nærleiken..
 Ei tralle full med skattar vart med tilbake til Harestua J













Siste dag i prosjektet var det tid for tur til Gurinesbukta der borna skulle på skattejakt. På morgonmøte fekk vi eit skattekart som viste veg til ein hemmeleg skatt som låg gøymd der.. For å finne skatten måtte borna samarbeide i grupper der dei skulle løyse ulike motoriske oppgåver.

 

Spennande med
eit «ekte» skattekart
i samlinga.. 

Det var lagt ut gull og sølvmåla steinar som spor etter kvar vi skulle gå i jakta på skatten...











 Her var ei oppgåve der dei skulle prøve å hoppe frå ring til ring før vi kunne gå vidare. Det var viktig at borna venta på kvarandre før vi kunne gå vidare..
 




Så skulle vi krype langs bakken frå ei oppgåve til den neste..
 
 Her skulle alle få klatre opp på ein stor stein, halde balansen og rope ut eit skikkeleg «HIV O`HOI» !!!
 Puslespel oppgåve møtte borna på og..
 Siste hinder før skatten var ei felle «skurken» hadde lagt ut, Tornekrattet. Der skulle vi prøve å komme oss gjennom utan å røre tauet. Her var det godt med eit støttande hand for å komme gjennom.
 .. Og gjennom godt arbeid og ikkje minst samarbeid fann alle skatten! J




Ein flott gjeng å vere på tur saman med! 
           
Vi takkar for at vi har fått lov til å «låne» borna dykkar i denne tida! Vi har kosa oss saman og blitt glad i både store og små i denne praksisperioden!



 

Tusen takk for oss! J

Helsing Maren Beate & Gro Anita