NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

onsdag 24. juni 2015

MAURTUA PÅ TUR TIL SLYNGSTAD

Det var spanande å ta buss til Slyngstad, og etter ein liten spasertur kom vi ned til fjøra J




















     
















Vi fann mykje spanande i fjøra,
blant anna  mange små 
krabbar og tanglopper. 






Merete hadde laga til langbord i naustet og serverte bollar og vaflar, det likte vi J 












Etter maten måtte nokre teste temperaturen i sjøen.




Vi fekk også tid til fjørebingo, ein fin måte å lære namnet på nye artar.


Vi hadde ein kjempefin dag i fjøra alle saman, der vi fekk gjere oss kjende med artane i fjøra. 
God motorisk trening
på variert underlag og ein fin dag for å forsterke venskap på tvers av aldersgruppene.

Takk til Merete for at vi fekk kome til Slyngstad!




mandag 22. juni 2015

Birøkterbesøk på Harestua

Sist mandag var det besøk av birøkter på Harestua. Harane har forska på planter og insekt, og ville no sjå nærare på bie og oppgåvene deira i naturen. Sidan veret har vore kaldt med regn har vi ikkje fått sett biene i aksjon, men lært litt om korleis dei arbeider i naturen, og kor viktige dei er.

Barnehagen skal og  bidra til at barna får grunnleggande innsikt i natur, miljøvern og samspelet i naturen. 




Her ser vi cellene der biene lagrar honningen.


Her ser vi litt av utstyret som vert brukt av ein birøktar. 


Vi har og laga flotte kunstverk av bier.



Vi fekk og smake på honningen, men:

 BARN UNDER 1 ÅR SKAL IKKJE HA HONNING !!!!!

fredag 12. juni 2015

REVANE OVERNATTAR I BARNEHAGEN

Endeleg er dagen komen! Overnatting i barnehagen! Det kribler i heile kroppen, for det er sååå spennande! Vi laga til sovesalen med madrasser, liggeunderlag, soveposer, nattdressar og godteposer. Aller først skulle vi ete litt mat. Ønskemenyen for kvelden var pølse med brød, kake med nonstop og potetringar. Akkurat når vi var ferdig med maten, såg vi ein gullmynt som låg på golvet! Kven hadde lagt frå seg den? Vi gjekk bort og kika, og då var det endå fleire gullmyntar som låg der. Vi lista oss vidare for å finne ut kva ditta var. Vi måtte gå opp loftstrappa! På loftet var det heilt mørkt, så vi måtte bruke lommelykt. Vi leita rundt omkring på loftet for å sjå om der var noko, og då dukka det opp ei skattekiste.  Vi fekk brev og gullmyntar frå han sjølvaste kaptein Sabeltann! Han sa at han hadde høyrt kor flinke vi var til å synge sjørøvarsangar, og at han snart ville komme på besøk. Vi skulle dele gullpengane heilt likt. Etterpå såg vi litt film og kosa oss med godteri. Etterkvart fordelte vi oss på to rom, kraup nedi soveposen, knisa, sprella og flira litt heilt til alle sovna! Vi har hatt ei super overnatting!

             








fredag 5. juni 2015

SYKKELDAG I TRYGGHEIM BARNEHAGE 5.JUNI 2015

Som avslutning på trafikkveka, hadde vi sykkeldag i barnehagen! Dei største i barnehagen fekk ha med eigen sykkel og hjelm. Dei største hjelpte dei som var mindre. Heile veka har Tarkus fortalt oss om kor viktig det er å vere forsiktig når vi ferdast i trafikken. 

Vi på Maurtua har snakka om:
o   Kor viktig det er å bruke bilbelte/bilstol
o   Bruke sykkelhjelm når ein syklar
o   Kva ein skal passe seg for når ein er ute og går i trafikken
o   Kor viktig det er å bruke refleks/refleksvest
o   Vi har hatt trafikkbingo der vi leita etter skilt, snakka om korleis skilta ser ut
o   Vi har lært sang om Tarkus

Denne månaden set vi fokus på kropp, rørsle og helse. I Rammeplanen står det at gjennom kroppsleg aktivitet lærer barna verda og seg sjølve å kjenne. På sykkeldagen og når vi er ute på tur skaffar barna seg erfaringar med varierte og allsidige rørsler og utfordringar. Når vi har gått på tur og leita etter trafikkskilt, har vi utforska og leika oss med tal og former, jf Rpl.

 
Små og store kosar seg på Sykkeldagen.
Kjekt når alle er samla!



 

 

 




Tarkus er eit beltedyr. Han har ni belte på ryggen sin, og når han er i bil har han ti. Då er han eit bilbeltedyr. Tarkus er karakterisert ved at han vise stor omsorg for andre og er opptatt av korleis dei har det. Det er viktig når vi er i trafikken saman med mange andre trafikantar. 


                                                                            










Hinderløype

Torsdag 4.juni var ein litt annleis dag i barnehagen.
Revane (Førskuleborna) var på skulen på Førskuledag.
Difor hadde vi god plass til å boltre oss på heile dagen.


Målet med aktiviteten er å stimulere motorikk og koordinasjon.


 





mandag 1. juni 2015

Trafikkveke i Barnehagen

TUR MED TRAFIKKBINGO:
Før vi starta turen fekk barna utdelt kvar
sitt bingoark med ulike skilt på. Barna blei delt inn i grupper, så skulle dei saman finne skilta som var på arket. 
Øving på samarbeid J
Vi snakka om former, fargar, tal og kva skilta tyder.



     


 

Vi gikk opp på leikeplassen, der vi leika og laga tomatsuppe. 
Når vi kom dit, var Biene der. Det var kjekt å leike i lag J




På besøk på leikeplassen

Det er 1.juni og vi er i gang med nytt tema: 
"Naturen i nærmiljøet og kroppen vår."




I dag gjekk Biene på tur gjennom bygda og opp på leikeplassen.





På vegen såg vi blomster, sniglar og vi balanserte på fortauet.





Oppe på leikeplassen var det mange kjekke leiker.




Vi var også ei stund ilag med Revane som kom når vi var ferdig med maten. 
Dei kokte suppe og vi fekk sjå på.





Kjekk leik med store og små barnehagebarn.