NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

fredag 18. desember 2015

NISSEFEST, JULEBORD OG JULEBUFFÈT

Torsdag var det tid for Nissefest og Julebord på hovedbygget og foreldra på Nøtteliten kunne stoppe litt opp ved henting av barn med ein liten Julebuffèt av kaffi og anna julegodt.

På Maurtua hadde barna Julebord der barna frå Bikuba stod for det kulturelle innslaget.



Vi takker for flott underholdning med fin sang og mykje moro!
Bikuba fortsatte med Nissefest og graut, medan Maurtua gjorde seg klar for sang rundt Juletreet og Julebord med mykje godt å velge i.




No gledar både store og små seg til Julehøgtida,

og helsar God Jul

til alle som les bloggen vår!

onsdag 16. desember 2015

Adventstid på Bikuba

I desember har vi kosa oss med juleførebuing, vi har hatt samling kvar morgen med ulike julesongar, vi har sett på julekrybba og hatt tenning av lys. Mandag og torsdag har vi hatt ei lenge morgensamling der vi pakkar opp ein pakke, inne i pakken er det ulike figurar som høyrer til juleevangeliet. Ein figur blir pakka opp kvar gong og ein ny del av juleevangeliet blir fortalt. Slik har vi fortalt juleevangeliet til barnegruppa og blitt kjent med både Maria, Josef, engelen, Jesus barnet, gjeterane og dei vise menn.


 

Barna har også laga diverse julegåver og julepynt, barna liker veldig godt forming og det er ekstra spennande når vi pakkar det inn og lager til fine julegåver til mamma og pappa.


                

                


Vi har både baka julemenn og pepperkaker, pepperkakene fekk barna pynte med godsaker og alle fekk med seg eit stort hjerte heim som dei hadde pynta sjølv.


Vi har hatt ei fin tid fram mot Jul, borna har fått kjennskap til Kristne Juletradisjonar og vi har skapt forventningar fram mot Jul. Det har vore ei koselig og stemningsfull Adventstid med rolege stunder og både spennande og hemmelige aktivitetar i mindre grupper.

tirsdag 15. desember 2015

«LUCIATOG OG LUSSEKATTER»

Mandag 14.des var førskulegruppa på besøk til «Nøtteliten». 



Revane song Luciasongen og fekk vere med på adventstund saman med barna på «Nøtteliten».

Vi tente det tredje lyset i dag og opna kalenderpakke nr 14.




Vi leika ilag og avslutta besøket med deilige Lussekatter og varm kakao. 

torsdag 10. desember 2015

Julevandring i Vatne kyrkje



I dag var avdeling Maurtua til Vatne kyrkje på Julevandring. 
Vi starta med å helse på keisar Augustus.


 Og så fekk barna skrive seg inn i manntalet.


Dei tre vise menn med gavene til Jesusbarnet, 
gull, røykelse og myrra.



Engelen Gabriel og englekoret øver på englesongen.


Stjerna viser veg til der den nye kongen vert fødd.  


Gjetarane fekk besøk av englane.


Josef og Maria med Jesusbarnet under Betlehemsstjerna.
.......................
Takk til dei tilsette i Vatne kyrkje.
.......................


Målet med aktiviteten:

  • ·    Gjennom arbeidet med etikk, religion og filosofi skal barnehagen bidra til at barna får:

-         innsikt i grunnleggjande verdiar i kristen arv og tradisjon,  og  deira plass i kulturen
-        får kjennskap til kristne høgtider og tradisjonar.
  • ·       Fordi vi går til kyrkja blir barna og kjend med nærmiljøet vårt og kvar kyrkja ligg.

onsdag 9. desember 2015

GRAUTFRUKOST MED TENTE LYKTER OG BÅL


Desember kan vere ein travel månad for både  store og små. Vi på Tryggheim barnehage, Vatne prøver å legge til rette for at både store og små skal senke skuldrane og få ei fin og roleg tid saman no før Jul. Mellom Adventstunder, Juleverkstad og baking tok vi oss tid til ein skikkeleg grautfrukost ute i ruskeveret. 

Kjekt at så mange tok turen tidleg til barnehagen for å ete frukost ute. 



I vår barnehage legg vi vekt på samarbeid mellom avdelingane, og på måndag er det Nøtteliten som får besøk av Revane!

lørdag 5. desember 2015

SANG TIL NØTTELITEN

FREDAG 04.DES VAR REVANE EIN TUR PÅ BIBLIOTEKET. 
PÅ VEG TILBAKE TIL BARNEHAGEN STAKK DEI NEDOM NØTTELITEN OG SANG TIL DEI. 

KJEKT Å FÅ SYNGE TIL SMÅ OG STORE PÅ NØTTELITEN! 




 GLEDE ANDRE ER EIN FIN TING Å GJERE !

onsdag 2. desember 2015

NO TENNER VI DET FØRSTE LYS







No tenner vi det første lys, 
åleine må det stå. 
Vi ventar på det vesle barn 
i krubba lagt på strå. 


No tenner vi det andre lys, 
dei står der stilt og skin. 
Vi ventar på at Gud, vår Far, 
vil sende Sonen sin 


No tenner vi det tredje lys, 
det er eit heilagt tal. 
Vi ventar på at Kongen vår 
skal fødast i ein stall. 


No tenner vi det fjerde lys 
og natta vert til dag. 
Vi ventar på ein Frelsarmann 
for alle folkeslag. 

Tekst: Sigurd Muri frå Ørskog


Og som eit tips finn du denne og 
fleire andre Julesangar på:  tunkatten.no 

Så no er det berre å øve :-)


VI YNSKJER STORE OG SMÅ EI FIN ADVENTSTID!