NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

torsdag 29. september 2016

BRANNVERN

I veke 38 og 39 har vi på Maurtua fokus på brannvern.
Hovudmålet denne perioden er at barna skal lære kvar vi skal gå om det vert brann, eller når vi har brannøvingar. Dessutan at barna skal lære dei tre naudnummera: 

110, 112 og 113

Dette har vi lært blant anna gjennom å synge denne songen:


En brann er ikke tull Du må ringe 1-1-0
Liten glo blir fort til flamme
Du må ringe med det samme
Så før brannen står for full,
og du mister gods og gull
Må du ringe 1-1-0

Har du fått en tyv på do
Må du ringe 1-1-2
Er noen veldig slem mot deg
Må du ringe i en fei
Er det noen der mon tro som prøver stjele no
Må du ringe 1-1-2

Har du veldig vondt et sted
Må du ringe 1-1-3
Hvis et liv kan gå tapt
Må du ringe veldig kjapt
Har du falt ned fra et tre
Slått et hull i ditt kne
Må du ringe 1-1-3



Vi testa brannslangen, og sløkte «brann».


 Vi laga skum med brannslangen.



Den dagen Raudrevane laga skum, var og Skogmusene og Ekorna i gamlebarnehagen, og ungane kosa seg med skummet, i lag.



Vi har fargelagd teikningar og hatt samlingar med branntema.

Og vi hadde besøk av brannbilen og fekk sete på kvar sin tur, det var gøy!!

Takk til HARAM BRANNVERN som kvart år stiller opp for oss.

tirsdag 20. september 2016

FØRSTEHJELP MED SKOGMUSENE OG HENRY

Henry er uheldig. Han dett ned frå treet, får kul i hovudet, skjærer seg, og får skrubbsår på kneet.
Målsetjinga med læringsopplegget
Målet med Henry-prosjektet er å auke barn si bevisstheit om, kjennskap til og interesse for førstehjelp. Samtidig handlar det om å utvikle omsorgsevne, ansvar og hjelpevilje. Ideen om at sjølv små barn kan ta ansvar, vise omsorg og hente hjelp er ein viktig del av læringsopplegget frå Røde Kors.


Skogmusene har no vore igjennom ulike små og store «ulykker» saman med Henry.

Her får han plaster på kneet etter å ha ramla av sykkelen i barnehagen.


Vi har rensa sår.


Vi har vist bilete og hatt fine samlingsstunder saman.





Vi har øvd på sideleie med Henry og på kvarandre.


Vi sjekkar om pasienten pustar.


Og legge i sideleie.

Eit nyttig og lærerikt opplegg for barnehagebarn.
Vi spør korleis det går. Hentar hjelp og hjelper.

Om nødvendig ringe vi 113.

HER ER SANGEN VI HAR ØVD PÅ.

Melodi : Hvis dine ører henger ned.
Har du veldig vondt et sted
Må du ringe 1-1-3
Hvis et liv kan gå tapt
Må du ringe veldig kjapt
Har du falt ned fra et tre
Slått et hull i ditt kne
Må du ringe 1-1-3          



mandag 19. september 2016

Harane på tur til biblioteket

Det er alltid kjekt å gå på biblioteket for å låne bøker! I dag, fredag 16.sept, skulle vi sjå om dei hadde bok om brannbilar, for brannbilen skal komme på besøk til oss i barnehagen neste veke. Vi fann ikkje bok om brannbil, men mykje anna spennande. Dei hadde bøker om hekser, ambulansar, dynosaurar og mykje meir! Lisa på biblioteket sa at vi kunne få komme på eventyrstund ein fredag. Det gler vi oss til!

                             


Kjekt å studere bøker på biblioteket! 

Og så har dei så flott eit sjakkbrett med store 

sjakkbrikker på! 

Vi er heldige som har biblioteket så nært.

                            

                            

onsdag 14. september 2016

Så glad for at vi får bli kjent med akkurat deg!

Det er ei spennande tid på Nøtteliten no. Ein månad har gått sidan vi starta opp, og dagane går jammen fort! Den første tida har vi brukt til å verte kjent med kvarandre, store og små. Flesteparten starta 16.aug og nokre starta no i september. No er alle på plass i eit barnehageår som blir litt utenom det vanlege. Vi har komt oss godt til rette i Brakkebyen, og jobbar kvar dag for å bli trygge på kvarandre, huset og rutinene. 


Dei første dagane var vi så heldig å ha ei gravemaskin rett utføre vindauge. Det syns borna var veldig spennande! Då var både auge og hender klistra i vindauge for å få best mogleg oversikt over kva den holdt på med!



Elles prøvar vi å utnytte kvar ein solstråle og den gode varmen vi har fått. Borna likar seg godt ute. Då er det full fart og god stemning! Nokre turar har vi også fått til. 

Eit lite bildedryss frå ein nydeleg formiddag i Gurineset.




Langt der ute var det ein båt.




tirsdag 13. september 2016

Lavvo tur Ekorna gr.Blå

På avdeling Ekorna er vi er delt opp i to grupper, Blå og Lilla.  Kvar måndag går gruppe Blå på tur og i dag gikk vi opp til lavvoen.

Vi var litt spente på om alle ville klare å gå så langt, men det gikk kjempefint. Vi hadde med ei vogn som barna kunne dele på å kvile føtene.


Sjølv om målet for turen var å komme oss opp til lavvoen og plukke fine blad som vi skal bruke seinare, var det mykje interessant på vegen opp.


Denne makken vekte stor begeistring. Til å begynne med var det ingen som ville holde, men etter kvart blei dei meir modige.

                           

Vi studerte makken inngåande, til slutt kom vi fram til at den måtte reise heim til familien sin, så da la vi den ned i graset.


Oppe med lavvoen åt vi maten vår, så gikk vi på leit etter fine blader som vi skal lage bilete av seinare.

                             

Vi fant mange fine blad, rognebær og kjeppar. Disse tok vi med tilbake til barnehagen for kreativt bruk.


Og her er resultatet.


mandag 12. september 2016

Oppstart på Ekorna

No er eit nytt og spennande barnehageår starta. Nøtteliten som gjekk på barnehage på helsehuset har skifta namn til Ekorna. Dette barnehageåret finn dykk oss på Brakkebyen. Vi har blitt to småbarnsavdelingar, og i den anledning har vi fått ei stor brakke vi kan bruke inntil den nye barnehagen står klar i løpet av 2017.


Ekorna har i oppstartfasen fått blitt kjent med Brakkebyen, og inne er det kjekt å boltre seg på store rom. 



Vi har fått eit større uteområde der det er populært å køyre lastebil, sykle, leike i sandkasse og sparke ball. Vi koser oss ute i både sol og regn. 



Ekorna har begynt å gå ein del på tur. Vi har vore på ulike stadar i nærområdet, og sett mykje spennande som gravmaskiner, busser, ulike dyr og planter. 


fredag 9. september 2016

FJELLREVANE PÅ TUR I SKIKKELEG HAUSTVÈR

Onsdag var det endelig klart for den første skikkelege turen til Fjellrevane. Vi hadde pakka mat og drikkeflaskene i tursekken og var klar til avgang. I den nye barnehagen vår blir det litt annleis når vi skal gå på tur, då blir det heilt nye vegar å gå for å kome fram til turmålet.

Vi starta frå bedehusbarnehagen vår og gjekk til høgre, vi hadde tenkt oss opp i eventyrskogen ved lavvoen vår i skogen, men då vi hadde kome eit lite stykke på vegen begynte det å regne KJEMPE mykje! Himmelen opna seg og det berre rann ned, i tillegg vart det kjempe mykje vind! Ungane vart kjempe glade, mange ropte «TORNADO»
Vi tenkte at vi måtte finne ly for regnet, så vi bestemte oss for å gå til gapahuken til skulen, der var ikkje skulen så vi kunne sitje under tak og ete maten vår i ly for regnet og vinden.

                           

På vegen fann vi mange flotte haustteikn, blad som var på veg til å dette ned frå treet, og mange soppar! Til og med ein som var heilt svart! 

Fjellrevane var heilt forundra over alle dei rare soppane vi fann, men dei var veldig obs på at nokre soppar kunne vere veldig giftige, så dei var ikkje borti soppane, dei berre studerte dei.



Vi fann også nyper langs vegen, men dei var ikkje modne endå!



«NØTTETRE!!» Kom det frå Fjellrevane når vi hadde kome fram. Oppe i skogen ved gapahuken var det kjempe mange nøttetre med nøtter på! Vi leita og leita etter nøtter, etterpå knuste vi dei med steinar, men nøttene var ikkje heilt modne, dei var grøne utpå og inni var dei litt mjuke, men det stoppa ikkje oss, for vi måtte nemlig smake på! Nokre likte det og andre ikkje.


Nokre av borna smakte også på rognebær, men dei kom fort ut igjen, dei var alt for sur!!


Nøtteknuserane!


På veg heim hadde det endeleg slutta å regne! Så vi bestemte oss for å ta ein litt annleis veg ned igjen til barnehagen. 


Vi gjekk ned i skogen ved gapahuken, der var det ein sti som var så smal at vi kunne ikkje halde turvennen vår i handa, vi måtte gå på ei lang rekke! Når vi hadde gått ein lang nedoverbakke inne i skogen kom vi fram til byggefeltet Øvstebygda, då var det berre ein liten spasertur heim til barnehagen igjen.


Skal tru kven som har ete på dette bladet? Er det ein edderkopp som har vore her? Eller ei marihøne? Larve? Fjellrevane undra seg og kom fram til at det måtte vere ein edderkopp sidan det såg ut som eit spindelvev!
Neste tur skal vi ta med oss ei bok om soppar, slik vi kan utforske soppane enda meir. Kven som er giftige, og kva soppar som kan etast.

Ein veldig kjekk tur for oss Fjellrevane. 

Utforske, undre og oppdage nye ting i naturen.