NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

torsdag 27. oktober 2016

ELEVAR PÅ JOBBSKYGGING FRÅ VATNE UNGDOMSSKULE

Måndag var Mildrid og Karoline på jobbskygging frå ungdomsskulen på Vatne. Eit flott opplegg der elevane får eit innblikk i ulike yrker og bedrifter rundt om i kommuna og andre stader. Denne dagen skulle dei følgje arbeidsdagen til ein barnehagelærar. 


Dei fekk vere med 3 åringane på tur og gjennomførte rebusløp  på området til «gamlebarnehagen».




Kjekt å få løyse oppgåver med tema som vi har hatt denne hausten saman med to dyktige og kjekke jenter frå ungdomsskulen. Kven veit, kanskje nokon av dei dukkar opp som barnehagelærar om nokre år?



 Lykke til vidare!

onsdag 26. oktober 2016

Revane på heimveg frå Bokbåten EPOS


Då var det berre å begynne på heimturen. Jakker og refleksvestar måtte på. 
Vi fekk låne med oss ein sekk med bøker og handdukker i.
Den skal det bli kjekk å ta fram utover hausten.






Vi gjekk forbi ein leikeplass som vi berre måtte prøve litt før vi gjekk vidare til barnehagen.


Vi måtte stoppe opp for å sjå litt på den nye sjukeheimen som dei held på å bygge.


Vi tok like greitt ei matpause i busskuret  på Eidet før vi gjekk vidare. 


Så flinke å gå!


På tur tilbake barnehagen såg vi at dei tok vekk mange tre nede med Gurineset. Sjå kor fint det blir!:)

Vi hadde ein heilt super tur! 

Bokbåten EPOS ved kaia i Tennfjorden


Så kjekt at vi fekk sjå bokbåten Epos legge til kaia.


Vi var litt tidleg ute, så vi var heldige med å få gå inn først.

                              



Her var mange spennande bøker å sjå i.

..............................................................

Endelig begynte det! Der var ei dame som skulle fortelje eventyr til oss.
Kvar finn ein bolletjuven? Kan ein golvmopp bli til ein prins? Må ein være ei prinsesse for å kunne kjenne ei ert under hundre madrassar? Desse spørsmåla fekk vi svar på med skodespelaren Astrid Elise Sæterøy.


Ja! Ein golvmopp kunne bli ein prins!


På leiting etter dronninga.


Kongen vart ein dokost.


Det var mange stilige rekvisittar ho hadde med seg!


Der dukka endelig prinsessa opp. Å trur ikkje dokke ho var ekte? Ho kjente nemleg erta som var under hundre madrassar.


Sjå! Heldigvis fant prinsen og prinsessa kvarandre.



Bokbåten er eit samarbeid mellom fylkeskommunane i Hordaland og Møre og Romsdal. Sogn og Fjordane var også med i dette samarbeidet i over 50 år, men måtte avslutta bokbåttenesta hausten 2015, p.g.a. nedskjeringar i den fylkeskommunale økonomien.
To gonger i året besøker Epos både øyar ytst i havgapet og bygder inne i fjordane. I Hordaland har kvart stopp ein kontaktperson som tek i land 200 – 400 bøker og lydbøker. Denne samlinga fungerer som eit bibliotek på staden til bokbåten kjem att neste gong. I Møre og Romsdal er det skular og barnehagar som er lånarar på stoppa i skuletida.  På familiestoppa (ettermiddag og helg) er lånarane registrert som privatpersonar som i eit vanlig bibliotek. Lånarane kan levere tilbake bøkene på kva bibliotek som helst i heile landet, eller ein kan velje å behalde bøkene til neste bokbåtbesøk.

Revane på veg til bokbåten EPOS

17.Oktober var det tid for å endelig besøke bokbåten ¨Epos¨. Det var mange spente barn som lurte på kva ein bokbåt eigentlig var? Vi hadde sett på bilete, men var spente på korleis den såg ut inni. Det var ein kjempefin dag, så vi slapp heldigvis å ta på oss så mykje klede.  Først gjekk turen ned til biblioteket, der vi skulle ta bussen ned til Tennfjorden. Det var mange spente som gjekk inn i bussen! Til og med nokon som ikkje hadde tatt buss før. 



Bussen stoppa nedi byggefeltet i Tennfjorden, og derfrå måtte vi gå ned til kaia der bokbåten skulle komme. Det var spennande å gå ein plass som vi ikkje hadde gått før.



Vi hadde god tida til å leike oss litt før vi skulle ete mat.

                             

Nokon fant blåskjell og andre spennande ting vi kunne leike med.



Skal tru om disse bitane høyrer ilag?


Etterpå vart det ståande buffé!



Så spennande! Langt der ute kjem bokbåten Epos.


mandag 24. oktober 2016

Nytt leikehus på Brakkebyen


Stor stas med nytt leikehus på uteområdet til Brakkebyen!

 Det utforskar vi på mange måtar.

Nokre klatrar slik:


Andre driv med vedlikehald:


Medan nokon lagar ei nydelig sandkake:


søndag 23. oktober 2016

Ekorna får pizza frå Egon


Fredag 30.september kom to mødre på besøk til Ekorna med pizza, brannhjelm, plaster og refleksvest frå resturanten Egon i Ålesund. Ekorna hadde blitt nominert i ein konkurranse på Facebook av ei bestemor, og dermed vant avdelinga pizza. Då det ikkje var mogleg for Ekorna å kome til Ålesund, ville Line og Marte hente og bringe dette til oss. Vi satt stor pris både på nominasjonen og dei to snille damene som var pizza bud og kom med pizza til oss. 


Nam nam…..pizza er godt.


Sååå stilig med kvar sin brannhjelm!


Ein kjekk og annleis dag på Ekorna.

lørdag 22. oktober 2016

Natur og dyr

Om hausten er det mange vakre inntrykk i naturen. Tre blir farga i grøn, oransje, gul, raud og brun, himmelen ser ut som eit maleri om morgon, og store endringar skjer både med temperatur og vær. Dette er ein inspirasjon for nokre av aktivitetane for Lilla gruppe på Ekorna.


På avdelinga Ekorna har Lilla gruppe natur og dyr i fokus denne hausten. Barna skal få oppleve naturen og få undre seg over mangfaldet i naturen. Vi skal legge til rette for at dei får erfaringar med og kunnskap om dyr og vekstar i nærområdet.

I den anledning har vi blant anna vore på ulike turar i nærområdet. Vi har blant anna besøkt hestar på gardar, besøkt den gamle barnehagen, vore på tur opp til kyrkja og ned til Gurinesbukta. På dei ulike turane har vi helsa på ulike dyr og sett på ulike plantar og vekstar. Vi har sanka inn både blad, steinar og andre fenomen frå naturen. Dette har vi igjen brukt til ulike aktivitetar i barnehagen. Barnegruppa har mala solnedgangen, hausttre og laga andre kunstverk. Barna har også fått laminert blad dei har plukka på tur.


                

I tillegg jobbar vi i barnehagen med tema vennskap og omsorg, vi legg derfor også til rette for at det skal vere fellesleik og aktivitetar som inkluderer alle. Vi syng, dansar, brukar heimelaga instrument, leiker inne og ute, hinderløype og mykje anna moro. 


onsdag 19. oktober 2016

KOSEDYRSJUKEHUS PÅ BIKUBA

Som avslutning på temaet «Henry-førstehjelp for barnehagebarn», arrangerte Bikuba kosedyrsjukehus fredag 14.okt der vi inviterte alle på Maurtua + kosedyra våre. Barna hadde med kosedyr som doktorane hjelpte så godt dei kunne. Vi rensa sår, sydde sår, sette sprøyter, lytta, målte blodtrykk, dei fekk medisin, vi plastra og bandasjerte. Det aller viktigaste var at dei fekk mykje kos og omsorg! 


Gjennom dette temaet håper vi at vi har auka barna sin kunnskap og interesse for førstehjelp. Sjølv små barn kan ta ansvar, vise omsorg og hente hjelp!


Det har vore så positivt å snakke om dette temaet, at det vil vi ta igjen  gjennom heile barnehageåret.



Det var både barn og kosedyr som trengte førstehjelp.


Vi hadde ein skikkeleg kosedag med mykje fin doktorleik, vi såg dvd om Karsten som måtte på sjukehus, - og så avslutta vi med koldtbord med deilige heimelaga rundstykker.



Trøtte kosedyr etter behandling! Ein kjekk dag for store og små!