NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

søndag 29. januar 2017

Hakkebakkeskogen på Maurtua


No har vi kome skikkeleg i gang med temaet Hakkebakkeskogen på Maurtua. Noko av det vi starta med, var at alle barna fekk fargeleggje ein modell av seg sjølv, der dei limte på hovuda sine. Desse modellane brukte vi til å lage ein ring rundt eit sitat av Morten Skogmus frå boka om «Dyra i Hakkebakkeskogen». Dette sitatet handlar om korleis ein kan ha det kjekt om alle hjelper kvarandre og er snille med kvarandre. Noko som gjeng veldig godt inn i hovudtemaet vi arbeider med dette barnehageåret: 

Vennskap og inkludering.



For å prege avdelinga med temaet, har vi laga fleire store tre. Her samarbeidde barna først om å male stammen, sidan om å klippe ut blad, blomar og gras som vi limte på bileta.




Vi har og laga til bakeriet til bakermester Harepus J
Dette viser bakeriet frå utsida. Etter at desse bileta vart tekne, har vi
laga tak på huset, og laga til meir inne i Bakeriet.

                              

Her lagar barna hyller til å ha bakevarene i.



Vi har høyrt på lydbok, lest i boka om Hakkebakkeskogen, øvd på songane i boka og vi har spelt Hakkebakkeskogspelet. Vi har og laminert karakterane frå boka, som vi nyttar når vi les boka og dramatiserer. 

MIKKEL REV

Vi må og lære noko om dei ulike dyra som bur i Hakkebakkeskogen
-        Kvar bur dei?
-        Kva for mat et dei?
-        Korleis ser spora deira ut?
-        Er alle desse dyra vener i den verkelege verda?
Kanskje er vi så heldige å finne spor etter dei når vi er ute på tur, både spor i snøen og spor på kongler og nøtter som vi finn i skogen. Dette er lettast om det kjem litt snø, men merker på greiner, kongler og nøtter kan vi finne uansett.

Dette er berre starten på prosjektet, som vi skal halde på med denne våren.

mandag 23. januar 2017

FØRSKULEGRUPPA PÅ SYNFARING TIL GAMLE BARNEHAGEN DEL 3


Vi måtte ein tur til gamle barnehagen i dag med for å sjå!


I dag reiste kjøkkenet på gamle avdelinga vår! Eit brannsløkkingsapparat låg igjen på loftet, og trappa til loftet gjekk i tusen bitar! Spennande å fylgje med kva som skjer for kvar dag!

Harane på synfaring til gamlebarnehagen

Fredag 20. januar var det Harane som var på synfaring til gamlebarnehagen. Det var veldig rart å sjå den lilla veggen som var på det rommet der vi brukte å ete frukost! Nesten heile Bikuba var borte! Gravmaskina flytta store hauger med plank til conteinaren. Det var spennande å studere.




Etterpå gjekk vi ned til Brakkebyen barnehage på besøk. Det var kjekt å leike seg på utelikeplassen deira! Nokre av Ekornbarna var ute, så vi fekk leike saman med dei!

                          



På vegen ned gjekk vi forbi ein ekte racerbil. Den må vi studere endå nøyare neste gong vi går denne vegen. Trass kraftige regnbyer, er det alltid kjekt å vere på tur med dei flotte Harane. J 

torsdag 19. januar 2017

FØRSKULEGRUPPA PÅ SYNFARING TIL GAMLE BARNEHAGEN DEL 2


Det er spennande for førskulegruppa å fylgje med på rivinga av den gamle barnehagen. 
Dei fleste av dei har gått i barnehagen i dette huset i mange år.


Litt seinare på ettermiddagen er nesten ei halv avdeling vekk.

Forts.fylgjer

fredag 13. januar 2017

SOLFEST PÅ BEDEHUSBARNEHAGEN 13.JANUAR 2017

Om vinteren er sola vekke ei stund med oss i barnehagen, 
og kjem igjen  i midten av januar. Dette feirar vi med ein stor solfest J
Denne gongen var det Maurtua som var ansvarleg for festen. Borna starta om morgonen å laga velkomstplakat til Bikuba. Dei teikna rundt hendene, klipte ut og limte på ei rund sol. Nokre av barna skreiv «Velkommen til solfest» og andre fargelagte rundt.


  

Når alle borna hadde ete frukost var det klart for aktivitetane for dagen. Vi baka deilige Solbollar, mala soler med gaffel på ark, og vi klipte ut store soler, og limte på solstrålar. Dei vaksne teikna også soler i ansiktet på borna til dei som ønskte det J

 

Når alle borna var ferdige med alle aktivitetane var det klart for ei lita songstund! Vi måtte jo synge til sola, så kanskje ho dukka opp i løpet av dagen?

Etterpå var det klart for mat, vi måtte no sjølvsagt smake på dei deilege Solbollane vi hadde baka!! NAAM, dei var kjempe gode!! 

                     

Etter mat var det tid for uteleik. Dessverre var ikkje sola komen, men borna blei minst like glade når dei såg all snøen som hadde kome!! YEES jubla dei alle saman! 
Vi håper på ein fin vinter/vår i barnehagen med mykje sol J


«SOL, SOL, KOM IGJEN
SOLA ER MIN BESTEVENN
VEKK MED SKYER, PARAPLYER
HOLD NÅ OPP Å REGNE»

«SOLA ER GOD
SOLA ER TOPPEN
SOLA E
R VARM OG DEN BRUNER PÅ KROPPEN
SOLA SOM SKINNE KVAR MORGON FOR MEG
SOLA I BARNEHAGEN ER BEST SYNES EG»



onsdag 11. januar 2017

FØRSKULEGRUPPA PÅ SYNFARING TIL GAMLE BARNEHAGEN DEL 1


På torsdag var vi i gamle barnehagen for å ake i akebakken bak barnehagen for aller siste gong. Når vi kom til barnehagen var arbeidskarane allereie godt i gong med å setje opp gjerde rundt barnhagen, som vi ser på bilete over.

På måndag byrja dei arbeidet innandørs med riving, og dette måtte vi ned for å sjå! På onsdag kledde alle Revane i førskulegruppa på seg, å la i veg mot gamle barnehagen.


Dette var synet som møtte oss! Det var veldig rart  å sjå barnehagen vår slik!! Alle dører og vinduer var tatt ut, og arbeidskarane var i full sving med arbeidet innandørs.



Medan vi sto å såg på kom arbeidskarane ut frå vindauget på loftet å kasta ned ting som skulle kastast, det var kult å sjå!! Dei måtte ha hovudlykt inne på loftet for å sjå. Alle borna spurte nysgjerrig til arbeidsmannen kva det var han kasta, og han svarte att det var leidningar og masse skrot! Han var veldig opptatt, så han for inn igjen på loftet for å finne meir han skulle kaste!

Vi gler oss til å følgje byggeprosessen med ny barnehage J

tirsdag 10. januar 2017

Vi er i gang...





Det var ein gong..
Men det er ikkje noko eventyr...


Tryggheim barnehage, Vatne vart bygd av Norsk Luthersk Misjonssamband i 1973, - med ei avdeling for barn i alderen 3-7 år.
Tidlegare hadde husmorlaget på Vatne drive barnepark på området.
Våren 1978 sto andre byggetrinn ferdig. Barnehagen hadde no to avdelingar og i alt 37 plassar. 
I 1993 vart «Solstua» bygd. Der fekk vi plass til uteleikene og ein del reiskap/utstyr.

Vinteren 2000 sto eit nytt tilbygg ferdig. Her vart det plass for kontor, grupperom/arbeidsrom, personalrom og garderobe for personalet. Samstundes fekk vi større kjøkken og eit opphaldsrom midt i barnehagen. Det vart gjort ein del ombygging på avdelingane, og det vart lagt til rette for å tilby plass til dei yngste barna. Tryggheim barnehage, Vatne hadde no plass til ca.46 barn (alt etter alder og opphaldstid) i alderen 0-6 år.

Til Barnehageåret 2014/2015 hadde vi så stor søknad at vi måtte leige oss lokale på det tidlegare Helsehuset. 

Barnehageåret 2016/2017 leiger vi Vatne Bedehus og har i tillegg ein brakkerigg ved Helsehuset.
Pr.010117 har 69 barn plass ved Tryggheim barnehage, Vatne.

No 9.januar 2017 er vi gang med å rive den gamle barnehagen i Ulvestadvegen 4.
Og i løpet av 2017 vil dokke sjå at det reiser seg ein ny barnehage på denne tomta.

Innimellom kvardagsglimt frå både Bedehusbarnehagen og Brakkebyen vil dokke også finne små glimt frå framgangen på byggetomta her på bloggen vår.


2017 vert eit spennande år!

tirsdag 3. januar 2017

Snøglede i barnehagen

Fyrste dag i barnehagen etter Juleferien dala snøen ned! Endeleg!!  
Gleda var stor når vi endeleg fekk leike oss i snøen og lage snømenn, englar og andre aktivitetar som høyrer snøen til J


BUSTEBARTEPINN
Mel: Lille Martine

Kom skal vi se på kjæresten din,
Bustebartepinn, Bustebartepinn.
Du titter ut, og han titter inn,
Bustebartepinn i snøen.

Syns du’kke han er sveisen og pen?
Bustebartepinn,Bustebartepinn,
I morra så kan du gifte deg me’n,
Bustebartepinn i snøen.

Uvisst å si hvor lenge du har’n,
Bustebartepinn,Bustebartepinn,
I morra så kommer sola og tar’n,
Bustebartepinn i snøen.





Vonar det kjem fleire sånne dagar framover! J

mandag 2. januar 2017

Godt Nytt År

Denne flotte snømannen laga Ekorna på fyrste dagen etter Jul.


til alle små og store!