NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

mandag 27. februar 2017

Ny Tryggheim barnehage på Vatne


Hurra! 
I dag starta fyrste steg på byggeprosessen. 
For no har dei starta med forskaling av fundament.

Vi gler oss til å fylgje prosessen fram til ein ferdig 
5 avd barnehage!

Det er mange som lurer på kor fort dette kjem til å gå.
Vi har eit håp om å få flytte inn våren 2018.

Meir informasjon kjem etterkvart som vi veit meir.

fredag 24. februar 2017

BAKEMESTER HAREPUS

NÅR EN PEPPERKAKEBAKER……..


Når en pepperkakebaker baker pepperkakekaker
tar han først en stekegryte og en kilo margarin.
Oppi gryta smelter smøret,
og det neste han må gjøre
er å røre sammen smøret og en kilo med farin.
- farin er det samme som sukker!

Og mens smør og sukker skummer
tar han åtte eggeplommer
som han rører rundt i gryta med en kilo hvetemjøl
og til slutt i gryta slepper han
en liten teskje pepper
og så rører man omkring og legger deigen på ei fjøl!


Barna sang sangen og smakte seg gjennom alle ingrediensane i pepperkakedeiga. 
Sukker er søtt og pepper er veldig sterkt på tunga.


Så kom deiga på ei fjøl og vi kunne lage 
dei finaste pepperkakene i verda!




Kakene skal vi ha i bakeriet vårt når vi leiker, 
om der vert nokon igjen då!  

Jona og fisken

Ekorna skal fram til påska ha temaet «Jona og fisken» i kristen samling. 



Målet i kristen samling er at barna skal få kjennskap til verdiar i kristne forteljingar. 
Her vil vi få fram bodskapen at Gud kan hjelpe oss uansett – sjølv i ein håplaus situasjon.
Gjennom song, forteljing, skodespel, tur og formingsaktivitetar skal vi formidle historia om 
Jona og fisken.



Sist veke laga Ekornborna fisk som heng i taket i eit fiskegarn.



torsdag 23. februar 2017

Feiring av bursdag og innviing av bålpanna

Onsdag 22.feb hadde vi ein strålande dag ute. Ein voksen og tre barn gjekk ut kl.08.00 for å montere den nye bålpanna vår. Når vi andre gjekk ut, hadde dei fått fyr på bålet og sat og kosa seg. 
Ein av gutane vart seks år denne dagen. Han og ein kamerat blei med ein vaksen utanfor barnehageområdet og henta pinnar, som vi skulle smi pølsepinnar av. Dei måtte telje for å vere sikker på at vi hadde nok pinnar til alle saman, før vi bar det tilbake til barnehagen. Kjekt med sterke barn som kan vere med og bere. 

                                                   

Bursdagsbarnet fekk trekke songar, han og dei andre fekk høyre eventyret om Raudhette og ulven. 
Og til slutt vart bursdagsbarnet kasta seks gongar opp i lufta. 


Kjekt å få spikke grillpinnen sjølv! Etterpå var det tid for grilling.


Pølser med pinnebrød og pinnebrød med sukker og kanel på sjølvspikka pinnar smakar kjempegodt J


onsdag 22. februar 2017

Sol, kulde og is

I februar har det vore eit nydelig vêr med sol, sol og atter sol. I tillegg har det vore kaldt som til vår store glede har ført til at isen ned i Gurinesbukta har fryst.
Mange har nytta seg av isen, og det har Ekorna også. På to solfylte og flotte dagar har Lilla og Blå gruppe vore der på tur. Vi har utforska, undra og kjent på isen – og prøvd å sett om det har vore noko under isen, «Ser vi ein fisk kanskje?». 

På isen kan det vere glatt, 
og det fekk både store og små oppleve.

Ser vi noko under isen kanskje?

På tur til Gurinesbukta kan ein også oppleve andre ting 
f.eks ein spennande sandhaug som ein kan klatre på. 


Ingenting er bedre enn å kunne ete maten sin uteJ


tirsdag 21. februar 2017

Hurra for Kongen vår!


Hipp hurra for Kongen vår som 
fyller 80 år idag 21 februar! 


Revane (førskulegruppa) feirar 
dette med ståande buffet, 
bursdagssang og flagg! 


Hurra for den flotte kongen vår. 

Gratulerer med dagen!

søndag 19. februar 2017

Puss, puss

“Puss, puss, så får du en suss
Puss, så får du en suss
Hver eneste tann med børste og vann
Puss, så får du en suss”


"I småbarnsalderen tileignar barna seg grunnleggjande motorisk dugleik, kroppskontroll, fysiske eigenskapar, vanar og innsikt i korleis dei kan ta vare på helse og livskvalitet."
(Rammeplanen for barnehagen sitt innhald og oppgåver, 2011).

Nøtteliten arbeider med å legge til rette for gode vaner med tannpuss etter frukost i barnehagen. Borna stortrivst når vi pussar tenner. Det å få “pusse tanna” lyser opp alle morgonane. «Heia, heia, heia», seier dei i kor gjennom gangen fram til døra til badet. Borna er flinke til å pusse sjølve og viser gladleg fram dei reine tennene etter pussinga er ferdig. Dei stiller seg forhåpningsfull på krakken ved vasken, pussar, og sett tannkosten på plass igjen, før dei tek eit papir og tørker munn og hender. Applaus og jubel er også ikkje uvanleg etter denne rutina. 


                              

fredag 17. februar 2017

Harane på busstur til Tennfjord og Bokbåten Epos 16.02.17

Det er alltid spennande med busstur! Kapteinen på Bokbåten tok imot oss då vi kom ned til kaia i Tennfjorden. Torunn Tusj var klar med forteljarstund der barna fekk vere med å bestemme innhaldet. Det var ei historie om ei slem jente som ikkje hadde nokon venner før ein pingvin og ein snill gut dukka opp. Vi las og såg litt i bøker, før vi måtte studere bokbåten litt meir. Kapteinen lurte på om han skulle prøve fiskelukka. Det var spennande å sjå om han fekk fisk på fiskestanga. Det vart ingen fisk, så då tok vi fatt på vegen tilbake til barnehagen. Første stopp var ein spennande leikeplass i Trolldalen. Det var eit litt skummelt namn, men veldig kjekt å leike der. Harane var kjempeflinke å gå, men vi måtte stoppa litt på «kafe» på Bunnpris, før vi tok fatt på siste etappe tilbake til barnehagen. J



                           

 


DEN STØRSTE GLEDA EIN KAN HA, DET ER Å GJERE ANDRE GLAD!

Onsdag hadde Skogmusene heile barnehagen for seg sjølv.
Revane var på tur til Ulstadvatnet og Harane var i Gurineset
Vi trur dei var på leit etter isen…….

Vi tok like gjerne å overraska dei med deilige grove vafler når dei kom tilbake.
Egg
Mjølk
Havregryn
Mjøl
Smør
Bakepulver

Vi måtte måle opp og telle alle koppane med mjøl og mjølk.



Det var tungt å røre, men med godt samarbeid og litt hjelp frå Helen gikk det greitt.


Etterpå vart det «Vaflekafè» ute på terassen.


Vi står i kø og er flinke til å vente på tur.  

torsdag 16. februar 2017

Harane på tur til isen i Gurineset 15.feb 2017

Utruleg spennande å studere isen og kva som er under isen. Vi såg både strå, sand, steinar og boss under isen. Oppå isen var det bobler, hjarte, sol og eit rør som hadde laga mønster i isen. Vi sklei på isen, datt på rompa og bowla.



 





Vi tende opp bål og grilla pølser. Det er alltid spennande å hoppe og klatre på den store steinen i Gurineset.

                            

Då vi kom tilbake i barnehagen hadde Skogmusene laga vaflar til oss! Det smakte kjempegodt! Ein fantastisk flott dag i flott vinterver 😊

onsdag 15. februar 2017

REVANE PÅ EKSPEDISJON TIL ULSTADVATNET


I dag gjekk alle Revane på tur i lag.


Målet var hytta på Ulstadvatnet.


Vi har sett på den andre gongar når vi har vore på tur.
Endeleg var isen trygg nok til at både små og store kunne få oppleve den.


Hytta er både skakk og skeiv. 


Inne såg vi tallerkenar i oppvaskbenken.
Og i stova såg vi tøfler...

Takk for ein spennande og opplevelsesrik tur i lag!