NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

torsdag 16. februar 2017

Harane på tur til isen i Gurineset 15.feb 2017

Utruleg spennande å studere isen og kva som er under isen. Vi såg både strå, sand, steinar og boss under isen. Oppå isen var det bobler, hjarte, sol og eit rør som hadde laga mønster i isen. Vi sklei på isen, datt på rompa og bowla.



 





Vi tende opp bål og grilla pølser. Det er alltid spennande å hoppe og klatre på den store steinen i Gurineset.

                            

Då vi kom tilbake i barnehagen hadde Skogmusene laga vaflar til oss! Det smakte kjempegodt! Ein fantastisk flott dag i flott vinterver 😊