NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

mandag 27. mars 2017

FELLES UTEAKTIVITET PÅ BEDEHUSBARNEHAGEN


    Fredag hadde vi felles uteaktivitet der dei som ville fekk male på snø. 

Vi laga flotte påskekyllingar av snø og mala dei etterpå. 


 Det vart mange fine kyllingar på uteområdet vårt.




lørdag 25. mars 2017

DEN USYNLEGE VENEN – SKAPELSEN del 1

Sidan i haust har Fjellrevane jobba med boka 
"Den usynlege venen", av Kari Vinje i kristen samling.


Vi har blitt kjend med Pelle Pimpen og familien hans som nettopp har flytta til Snurrebekk. I hagen til Pelle er det eit stort høl i hekken til naboen, og der dukka ein gut opp, med namnet Jonatan Finkeltopp, og det er gjennom han og mora Fru Finkeltopp Pelle får lære om den usynlege vennen, Jesus og kristendommen.

Målet i Kristen samling er at borna skal få kjennskap til verdiar i kristne forteljingar. 
I Skapelsen får vi fram alt det gode Gud skapte, som finst den dag i dag.



Den aller første fortellinga i Bibelen handlar om at Gud skapte verda. 
Og den var god.



Fjellrevane har gjennom fleire aktivitetar lært om Skapelsen, 
og alt det gode Gud skapte.



FØRSTE DAGEN –
I opphavet skapte Gud himelen og jorda. Jorda var aud og tom, og mørket låg over havdjupet. Då sa Gud: «Det skal verte lys!» Gud kalla lyset for dag, og mørket for natt. Og det vart kveld, og det vart morgon.



ANDRE DAGEN – 
Her lagar vi flotte bilete av havet, og av det som lever i havet.
Gud skapte havet og himmelen!

                             


TREDJE DAGEN -  
Vi teiknar flotte bilete med tre og plantar på!

Gud kalla det faste landet jord, og vatnet som hadde samla seg, kalla han hav. Jorda skal la grøne vekstrar gro fram, planter som set frø, og tre som ber alle slag frukt med frø i, på jorda!


forts følger

onsdag 22. mars 2017

PROSJEKT KYLLINGAR PÅ BIKUBA

I dag er det 7 dagar sidan vi starta ruging av kyllingar på Bikuba.


Vi har lyst på egga i dag og kunne sjå noko som bevega seg inni.



På plansjen under kan dykk sjå utvikling frå egg til kylling:  


Påskeførebuing på Nøtteliten

I dag starta vi så smått på påskeførebuingane her på Nøtteliten. 


Kyllingane har dukka opp på vindauge og barna har måla og pynta med fjær på både fat, glas og seg sjølv 😉 



Ein liten kylling i egget lå blir det nynna rundt om på avdelinga. 

mandag 20. mars 2017

Skogmusene på tur

I dag var Skogmusene på tur. Dei har som mål å nå opp til Ulstadsetra før dette barnehageåret er omme. Tenk å få namnetrekket sitt i boka då!

«Sjå der e juletreet» og dermed sprang alle siste stykket opp mot bommen ved vassverket.


Her måtte vi ha ein liten pust i bakken og ei vel fortjent drikkepause.


Vi kom oss ikkje vidare denne gongen. Det vart alt for spanande med spor i snøen!


«Her har Mikkel Rev vore!»


Vi må halde vakt og skremme han om han kjem tilbake!
Så kunne alle kome og leike i skogen, for no var den borte vekk!


Neste gang skal vi prøve å gå litt lenger, men det kjem ann på kva eller kven vi møter på vegen til målet.  

tirsdag 14. mars 2017

BARNEHAGEDAGEN 2017: Vi vil leike!

Når du hentar barnet ditt i barnehagen og spør kva det har gjort i dag, så er det ikkje sjeldan å høyre det svare:  
”Eg har berre leika meg”. 

Og det er ikkje sikkert du får noko meir ut av barnet enn det. Det barnet faktisk har gjort medan det har leika er følgande…

Øvt seg på turtaking                      









Løyst konflikter

Samarbeida

                                             

                                  Brukt fantasien                        

                           
Utvikla sosial kompetanse

Brukt kroppen sin                         

                         






Øvt seg på nye ord og uttrykk   

    

  



                       
Utvikla vennskap 
                             

Opplevd den gode barndom

(Fritt etter Kari Pape 2012) 

søndag 12. mars 2017

HAKKEKBAKKESKOGEN

Endeleg var dagen komen! Vi har hatt nedtelling og gledd oss til å reise på kino (8.mars) for å sjå Hakkebakkeskogen. Vi på Bedehusbarnehagen har hatt Hakkebakkeskogen av Torbjørn Egner som tema etter jul. Vi har lest frå boka, sunge sangane, hatt ulike formingsaktivitetar, prega avdelingane og leika dei ulike figurane i frå boka. Så vi er godt kjent med historia vi skulle sjå.

Forventningsfulle barn og vaksne ventar på bussen.
Det var spennande å ta bussen til Brattvågen. 
Og når vi kom fram, gjekk vi rett inn i kinosalen.
Vi fann oss gode plasser.

Og så kunne filmen byrje..

Det var mange kjente figurar og sanger, vi sang med!!  
Det vart litt for spennande av og til, spesielt Mikkel Rev og Petter pinnsvin var litt skumle for enkelte. Då var det godt å ha ei hand å halde i eller eit fang å krype opp i.




Det var gjenkjenning, humor og glede. Og mykje spontan latter. 
Gjett om vi kosa oss!!

Det var fengande musikk på avslutningsscenene ...

og då måtte vi berre opp og danse!

Etterpå åt vi nistematen vår ute i vestibylen.  


Turen gjekk vidare til leikeplassen til Brattvåg barneskule. 
Kjekt med ein ny plass å leike på og nye leikeapparat. 


Det var ein fornøgd gjeng som sette seg på bussen tilbake til Vatne. 
Vi hadde ein flott dag, med mange gode opplevingar, fellesskap og glede!

mandag 6. mars 2017

BARNDOM


I samband med Barnehagedagen 2017
har vi fått Haram kino på bana.

Det blir visning av filmen 
BARNDOM 
av Margareth Olin 
på Haram kino tirsdag 14. mars kl 20.00! 

Oppfordrer alle til å sjå den.

Trailer filmen Barndom

Ein nydeleg dokumentar om barna sin leik.
Sjå filmanmeldelse her

torsdag 2. mars 2017

Hærverk på Lavvoen vår

Forskrekka og lei seg. 

Det første som møtte oss i lavvoen i går var åpen "dør" ...



Nokon hadde skjært i duken på lavvoen og skjært i rekkverket, lyktene var knust, bardunane var tatt ut og til slutt fann vi kniven utenfor lavvoen under snøen.... 


"No må oss ringe politiet for ditta ekje lov!!!" 
Kom det spontant frå Fjellrevane...


Saka er meldt til Politi

(saka er løyst-takk for deling)