NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

onsdag 31. mai 2017

«I dag he dei leika mykje i barnehagen»

Ofte kan vi seie det når vi fortel om dagen i barnehagen, for det er noko vi sette stort fokus på i barnehagekvardagen. Borna skal få leike mykje, for det er nemleg gjennom leiken mykje skjer. Her opplever dei samhald, lære å gi og ta, øve på motorikken, får språkstimulering, må samarbeide, opplever latter og glede, vere eit barn, ta initiativ, bli utfordra og oppleve vennskap. Dette er berre litt av det som borna opplever og erfarer gjennom leik.


I rammeplanen står det blant anna om leiken: 

"Leiken skal ha ein sentral plass i barnehagen. Leiken har eigenverdi og er ei viktig side ved barnekulturen. Leiken er eit allmennmenneskeleg fenomen der barn har høg kompetanse og stort engasjement. Han er ei grunnleggjande livs- og læringsform som barn kan uttrykkje seg gjennom." (R-plan 2011 kap.2,2)



"Uteleik og uteaktivitet er ein viktig del av barnekulturen som ein må ta vare på, uavhengig av geografiske og klimatiske forhold. Barna bør få impulsar og inspirasjon til leiken gjennom opplevingar i nærmiljøet."

(R-plan 2011 kap.2,2)

mandag 29. mai 2017

Avslutning på fadderopplegget med barnehagane og skulen i Utigarden Barnehage

Onsdag 24.mai samla dei fadderane frå både Tennfjord- og Vatne barneskule i lag med førskulebarna frå Tryggheim Vatne, Tennfjord Barnehage og Utigarden Barnehage, for felles sommaravslutning. For oss starta dagen med ein busstur. Og Tennfjord Barnehagen kom på den same bussen og vi danna eit fint tog langs vegen ned til Utigarden Barnehage. Vi i Tryggheim Barnehage kosa oss skikkeleg i lag med alle dei andre små og store barna. Det var kjekt å få besøke Utigarden Barnehage og sjå korleis dei har det i den barnehagen. Vi fekk nytte det fine uteleikeområdet til dei eldste barna i barnehagen og vi fekk treffe dei to kaninene deira. Nokre fekk og lov til å halde den eine kanina. Etter at vi hadde prøvd dei ulike leikene deira ei stund, var det felles grilling av pølser. Etter maten var det tid for meir leik.

                                           


Vi sila, balanserte på tauleiker og klatra i tre.

                                

Vi dissa, testa sykkelbana og Grillsjefen Randi laga gode pølser til oss.


Plutselig høyrde vi ein høg lyd, sjå det tøffe flyet som flaug over oss fleire gongar!!

                                            

Så var det tid for å reise heim til Vatne igjen. Då gjekk vi nedom vegen, og der var det mykje rart å finne!


Tusen takk alle saman for ein super dag! 

fredag 26. mai 2017

Ekorna på tur i nærmiljøet



Ekorna øver mykje på å gå turar i nærområdet, då dei skal over til storbarnsavdeling til hausten. Vi har på oss refleksvest slik vi er synleg i trafikken. Vi held også hendene til kvarandre for at vi skal passe på kvarandre. Når vi skal gå over vegen må vi sjå og høyre om det kjem bilar eller andre køyretøy. 



På turane går vi ofte innom den nye barnehagen, det er veldig spennande å følgje med på korleis den veks, og ikkje minst kva arbeidskarane gjer på. Her brukar dei både hammar, sag og ulike køyremaskiner som er veldig spennande å sjå på. 

onsdag 24. mai 2017

På bjørnejakt ved Gapahuken

Kvar mandag ruslar Nøtteliten på tur. Nokon gongar langs vegen, nokre gongar til sjøen, og andre gongar gjeng vi til fjells… Denne veka gjekk turen rundt Ulvestadvegen, og nokre av oss for vidare oppover bakkane. Vi må så klart oppom å kontrollere alle maskinene som bygg ny-barnehagen vår. Vi er einige om at alt gjeng etter planen! Dei sju eldste hadde som mål om å kome seg til skulen sin gapahuk. Vi hadde pakka med gode turskiver, og hadde fylt vatn i flaskene våre.



Eit lite stopp måtte til når vi traff denne søte kanina. Enkelte syns den godt kunne vore med oss på tur, «Den kunne berre hoppe».


Vi har blitt så flinke til å gå alle saman, sjølv i dei bratte bakkane. Med god drahjelp på firervogna kom vi tilslutt fram. Så spennande å utforske eit nytt område!


Skivene våra smaka aller best på tur!

                                 

Her inne må vere bjørnen sitt hi. Det er ingen tvil! Vi song «bjørnen sover» medan vi utforska område. Stor «snakkis» i dagane etterpå…… 


tirsdag 23. mai 2017

Ny barnehagen veks

Åh, kor spennande!! Så stor, no er det lettare å tenke korleis det blir. Tenk trapp bake og heis.. 

Kanskje dei blir ferdig før dei skal, kanskje Fjellrevane kan gå der! Berre bittelitt!?! 


Og epletreet vårt har flotte blomster på. 
Så kjekt at det vart berga!!

torsdag 11. mai 2017

Rapport frå bygging av ny Tryggheim barnehage, Vatne


Det går virkeleg framover på tomta vår.
No har dei begynt på andre etg. også.

Det går heilt etter framdriftsplanen.
Viss det fortsette i same tempo vonar vi på oppstart 
i ny barnehage etter Påske i 2018.


onsdag 10. mai 2017

Fjellrevane på Ramnfloget



I dag har vi flott tur til Ramnfloget ilag med Fjellrevane. 
Her oppe ser vi heile verda, småbåthamna i Valldal og til og med Afrika!! 


mandag 8. mai 2017

Frigjeringsdagen 8.mai



I dag hadde vi samling om det som skjedde 8. mai 1945 når krigen i Norge var slutt etter 5 år. Tenk nesten like lenge som Revane har levd. Vi snakka om korleis det var å bu i eit land der det er krig, kor glade dei var den dagen det vart fred. Vi hadde 1 minutts stillheit, der vi skulle tenke på det som hadde skjedd. Tenk kor heldige vi er som har fred i Norge.




lørdag 6. mai 2017

HARANE OG SKOGMUSENE PÅ GARDSBESØK FRAM i VATNEBYGDA

Tenk kor heldige vi er som har eit yrande dyreliv rett utanfor døra i barnehagen! Onsdag fekk vi klappe hestar, sett følet, klappa sauer med kjempefine lam, studert traktor og sett på små kyllingar. På vegen framover plukka vi kvitveis og hestehov. No er det vår i Vatnebygda! Vi kosa oss med maten vår nede med Vatnevatnet.


                            


                           


                            


fredag 5. mai 2017

Kom mai du skjønne milde!

For nokre deilege dagar vi har fått! Dei har vi sjølvsagt utnytta til det fulle med mykje utetid! Heilt fantastisk å sleppe både regnklede og tunge vinterdressar, no er trivselen på topp!


Rett utanfor Brakkebyen er der ei flott fjære. Kvar dag ser vi på båtane gjennom vindauga, måsane som sitt på lyktestolpen og høyrer fuglane som syng i kor. For ei utsikt vi er så heldige å ha! Dette er eit området vi kjem til å nytte oss meir av. Dei som har fått vore der nede storkosar seg! Mange steinar som plaskar i sjøen når vi kastar dei, tang og tare som er spennande og kjenne på, og brått dukkar det opp både småfiskar og små krabbar.


Naturen gir rom for eit mangfald av opplevingar og aktivitetar til alle årstider og i all slags ver. Rammeplanen for barnehagens innhald og oppgåver seier at gjennom arbeid med natur, miljø og teknikk skal barnehagen bidra til at barna oppleve naturen og undring over naturen sitt mangfald. Og at dei skal få oppleve glede ved å ferdast i naturen og får erfaringar med dyr og vekstar.






Førskulegruppa på Leirdag på Vestheim

Saman med Førskulegruppa på Tryggheim barnehage, Brattvåg starta vi dagen (onsdag 3.mai) med ein busstur frå Barnehagen til Vestheim på Vestnes. Når vi kom fram fekk vi bollar og frukt før vi hadde ei lita samling i salen, der vi fekk høyre litt om kva vi skulle gjere denne dagen. Og vi song litt songar i lag med Hege, som vi bruker å få besøk av. Vi fekk og helse på dokka Siri. 





Etterpå gjekk vi ut, der vi fekk prøve 9 ulike postar.

Vi spytta rosiner, om å gjere å spytte lengst. Vi pusla puslespel og lærde eit lite bibelvers.



Vi kasta ball og prøvde å treffe opp i bøtta. Vi svarte på ulike spørsmål, gjetta på kva som var gøymt bak nokre bilete, kasta på ringspel, slo med golfkølle, der det var om å gjere å treffe holet med mest poeng, og vi putta handa i ei kasse med eit lite hol, der vi skulle «sjå» med hendene kva som var i kassa. Og vi frakta vatn frå ei bøtte til eit litermål med skeier, der det var om å gjere å fylle mest vatn i litermålet.



Etter lunch var det tid for samling. Ole, ein av leirleiarane kunne mange rare triks. Han kunne til dømes skru hovudet fram og tilbake med handa si 😊 Og han lærde oss ei regle om ein fugl, med rørsler der ein brukte meir og meir av kroppen til å røre vingane, føtene, hovudet, tunga og til slutt nebbet.


Vi fekk sjå flagg frå Bolivia, Eritrea, Kina og Noreg. Som er land der Nlm jobbar. Så var det tid for flyreiser til Bolivia, Eritrea og Kina. Vi fekk høyre litt om landa og sjå og høyre om klede, instrument og andre rekvisita frå dei tre landa. På desse flyreisene var vi i lag med Tryggheim Torvikbukt, og ein av dei vaksne frå Torvikbukt var «flykaptein».


Vi hadde ein kjekk dag på Vestnes i lag med mange kjekke barn og vaksne. Nokre fekk og nye vener. I tillegg fekk vi to fine bussturar rundt Vestrefjorden, Rekdal, Fiksdal og Tomrefjorden. Då fekk mange sjå nye stader, og Louise, Mathias og Markus fekk peike ut husa sine. På Solstrand og Langstein såg vi store kraner som var i bruk for å bygge/reparere båtar. Og vi fekk sjå Sauer, lam og geiter, som gjekk på markane.

--------------------------

Vestheim er ein av Leirstadane til NLM region Nordvest. 
Meir info finn du på denne nettsida