NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

fredag 30. juni 2017

SOL OG SOMMAR I BARNEHAGEN

I går kom dagen vi har venta på såååå lenge!
Endeleg vart det varmt nok til å bade ute!


Medan vi venta på at sola skulle kome på terrassen hadde vi piknik på teppa våre.



Vi måtte sjekke temperaturen opp til fleire gongar før det vart klart til bading. 
Vi bar mange bøtter med vatn, minst tusen liter !


Vi hadde også såpeboble som vi leika med. Litt vanskeleg, men øvelse gjer meister!


Vi avslutta dagen med smoothie.


Her er oppskrift til den som vil prøve :
v Banan
v Frosne jordbær
v Yoghurt ( Husk laktosefri eller soya yoghurt til dei med allergi)
v Passe mengde med appelsinjuice til ønska konsistens.

....................................................

Også i dag har vi bada.
Gurinesbukta er berre ein nydeleg stad.
Vi er bra heldige som har så flott eit nærmiljø.



VI YNSKJER ALLE SMÅ OG STORE 

GOD SOMMAR!

mandag 26. juni 2017

Fjøreveke for Ekorna

Sist veke var Ekorna i fjøra for å bli betre kjent med livet ved sjøkanten. Vi hadde med oss bøtter der vi kunne samle det vi fant. Det store fenomenet som alle blei veldig interessert i var krabbe. Under steinar gøymte det seg både små og litt større krabbar. Vi fekk halde dei i handa og sjå på dei. Mange føter hadde dei og klør! 
Så spennande J  

Vi må leite og sjå om vi finn noko i denne sprekka her. Skal tru kva som kan gøyme seg her? Kanskje det finst krabbar her?

Dei vaksne undra seg saman med borna. Her har dei funne skjell eller heiter det skjell? 

Det var andre ting i fjøra enn berre krabbar. Her var det noko som var litt ekkelt og kleimete å halde på. 
Og så hadde den kuler eller nokre klumpar i seg. 

tirsdag 20. juni 2017

Å male, teikne, pusle og nabbe.. vi får mykje ut av det med..


På Ekorna har vi fokus på at borna skal få både grov- og finmotoriske ferdigheiter og erfaringar. Målet er at borna skal tileigne seg grunnleggande motoriske ferdigheiter og beherske kroppen, som vidare bidreg til at borna lærer seg sjølv å kjenne. Ved sanseinntrykk og rørsler skaffar barn seg erfaringar, ferdigheiter og kunnskap på mange områder (Rammeplanen 2011).



Vi har hatt fokus på finmotorikken ved blant anna å gjere aktivitetar som å pusse tenner, ta i mot ball, klatre, kle på seg sjølv og ulike formingsaktivitetar.

Når vi teiknar eller måler så øver vi  på «blyantgrepet». Borna skifter ofte mellom forskjellige grep.


Gjennom nabbing vil ein også trene på finmotorikken. Finmotorikken handlar om dei minste og mest detaljrike rørslene borna gjer. Når dei nabbar vil dei bruke fingrane til å plukke opp nabbiperler, og utføre ein rørsle mot små mål. Gjennom dette blir det ein del auge-hand koordinering, og ein viktig del for den motoriske utviklinga er nemleg å øve seg på auge –hand koordinasjon.

torsdag 15. juni 2017

ENDELIG LITT VARME


Her på Sunnmøre er det kjent at sommaren kan vere nokså variert med både regn, storm og sol. I det siste har vi vore utrulig heldige og fått ein god varme i lufta sjølv om det både har vore blått eller grått ute. 
Det er så herleg dei dagane vi kan legge dressen til sides og kun gå med jakke og sko. J


onsdag 14. juni 2017

Nøtteliten på tur til Angelsneset


Onsdag 14.juni trilla vi til Angelsneset, 
og gjekk ned til nausta. 


Vekkgøymt bak høgt gras og mange tre fant vi fram til eit nydelig turområde. Der var ei volleyballbane og ein flott gapahuk langt inni skogen. 



Ekorna på tur til Gurinesbukta


Måndag 12.06 gjekk Ekorna ein tur ned til Gurinesbukta. Her møtte vi ei gruppe frå Bedehusbarnehagen, og det var veldig kjekt. 



Vi fann forskjellige steinar og pinnar som blei kasta langt ut i vatnet. Nokre steinar laga store plask, mens andre laga berre ein liten skvulpe lyd.


Her undra dei over kva dei kunne finne sivet. Kanskje ein frosk eller eit troll?? Spennande å utforske! 

søndag 11. juni 2017

Førskulegruppa på tur til Ålesund

Onsdag 7.juni tok vi turen til Ålesund. 
Der gjekk vi trappene i kjempefint vær!
 

Spennande å sjå kva tal som kjem neste gang på trappetrinna.
Då kan vi finne ut kor mange trappetrinn det er igjen før vi er oppe på Fjellstua.

Opp på toppen var det veldig fin utsikt over byen.

Sjå den store båten!!!

Kanskje eg ser byen betre gjennom kikkerten?


Vi gjekk Vannspringdalen nedatt til byen.

Vi fant ein fin gapahuk og nokre benkar, 

der tok vi lunsj før ferda gjekk videre ned 

til leikeplassen.

Vi fant nokre fine trefigurar som minte oss
om vesle "Hasse hare". 

Til og med eit tre som hadde fått
namnet Axel! Spennande!

Eit ansikt i tre, så stilig!

Tenk, der oppe har vi akkurat vore.

Det var veldig kjekt å få prøve leikeapparata
på leikeplassen.


Det vart ein stille busstur på veg heim, 

der mange sovna.

Vi hadde ein kjempekjekk dag i Ålesund by!!

fredag 9. juni 2017

Jentebølgen 2017

JENTEBØLGEN I ÅLESUND 08.06.17

Her er den flotte gjengen frå 
Tryggheim barnehage, Vatne 
som er klar til Jentebølgen 2017.
..........................................

Kjekt å kunne møtast og vere litt sosiale saman også på fritida.

onsdag 7. juni 2017

VANNKRIG!!!!!!!!!

ENDELIG KOM SOMMARVARMEN OG DEN HAR VI NYTT TIL DET FULLE I DAG.

VI HAR SERVERT MIDDAG PÅ TERASSEN OG LEIKA MED VATN.


DEI SOM VILLE FEKK DELTA.


TIL STOR BEGEISTRING VART BÅDE STORE OG SMÅ LITT VÅT I DAG.


ENDELIG EI KJENSLE AV SOMMAR!