NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

mandag 17. juli 2017

FLASKEPOST OG SKATTEJAKT I BARNEHAGEN

Skattekart i flaskepost og skattejakt med sjørøvarkikkert var tema denne dagen (13.07.17) i barnehagen. Når vi ikkje kunne bade måtte vi finne på noko anna kjekt nest siste dag før vi tok ferie.


Her er skatten vi fant oppe på loftet i barnehagen! Men først måtte vi lage sjørøvarkikkert og måle oss litt skumle i ansiktet.






Vi leita på heile Maurtua og vidare opp på loftet……



På vegen fant vi tente lykter og mykje rot heilt til vi fant kista med gull og sølv oppi, og mykje anna….



Til stor glede for både små og store rusla vi ned til Bikuba og delte skatten, for å dele er noko vi veit er ein fin ting å gjere!
Og etter på hadde vi sjørøvarfest og hei fadderullan faderullandei, og hei faderullan fadderullandei!

lørdag 8. juli 2017

Som vi kosar oss på Brakkebyen!



Nøtteliten og Ekorna har nytta finveret denne veka ute. 
Eine dagen tok vi med malerpensel og ark for å male ute. Dette var kjempe kjekt! 



Vi hang opp alle dei fine kunstverka slik dei kunne tørke i vinden.


GOD SOMMAR FRÅ OSS PÅ BRAKKEBYEN!

Nøtteliten på vassetur til Gurineset


Fredag 7.juli fant Nøtteliten vegen til Gurineset.
Her kosa vi oss i sanden.


Medan vi åt maten vår tørka sola kleda våre.


Hit kjem vi gjerne igjen!

fredag 7. juli 2017

Ekorna på tur til Ulvestadvikane

Sist veke gjekk Ekorna på tur til Angelsneset og ned til Ulvestadvikane. Dette er ein av dei lengste turane Ekorna har gått, og det gjekk kjempe bra! 


Vi gjekk via Ulvestadvegen, og ned ein skogsveg til fjøra. Når vi gjekk ned skogstien fekk nokre av borna kjensla av at vi gjekk inni eit rom fullt av store tre.



Først gjekk vi bort til ein gapahuk, og så fann vi ein sandvolleybane. Her fann vi insekt i sanden, og vi laga mønster med pinne i sanden. Til slutt kom det så mange fluger som plaga oss at vi vandra ned til fjøra. 


Det var så mykje spennande her i fjøra. Vi skulle sjå kva liv vi fann her, men først måtte vi kaste litt steina i sjøen.



Når vi kasta stein så fann borna ut at det var noko på steinane. Dette måtte vi studere litt med både å sjå og kjenne på. Til slutt såg vi ein til ut i sjøen som såg ut som ein blome. Da kom vi på at dette var ein sjøanemone/sjørose.


I fjøra fann vi både sjøstjerne, glasmanet og krabbe som var så spennande å studere. 



Vi åt oss ein god og velfortent lunsj, medan vi såg utover sjøen. Kanskje kom det eit sjørøvarskip? Nei, kanskje vi skremte piratane vekk når vi kasta stein i vatnet? 


Men brått fekk vi besøk av eit troll som hadde tang og tare til hår! 


Etter maten kosa vi oss litt til i fjøra, før vi etter ein innhaldsrik og veldig kjekk dag vende nasa til barnehagen igjen.