NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

lørdag 30. september 2017

Brannvern: Rapport frå Nøtteliten

Brannvernuka er ein landsomfattende informasjonskampanje i uke 38 som vert arrangert av Norsk brannvernforening, Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap og If Skadeforsikring, saman med brannvesen og el-tilsyn over hele landet.


I veke 38 & 39 har vi hatt brannvernveker her på barnehagen! 
                             

Vi på Nøtteliten har sunge brannsangar, laga brannbil av pappkasse, måla brannbilder, som vi har dekorert kunstveggen vår med. 


Vi har også måla vindauga våre med brannbilen og flammar. 

Vi var så heldig at vi fekk besøk av brannbilen, det var både spennande, kjekt og litt skummelt, brannmann Anders hadde med seg brannmann hatter som blei mykje brukt i leiken i ettertid og nokre ville vere med på tur i brannbilen, med både sirener og blålys. 


Vår eigen pappkasse-brannbil fekk seg eigen slange, og med den har barna sløkt mang ein fantasibrann og leikespyla kvarandre, til stor glede.

Meir om Brannvern:
http://www.brannvernuka.no

fredag 29. september 2017

SKOGMUSENE PÅ TUR TIL LAVVOEN 28.09.2017

I dag skulle vi sjå om vi fann blad med haustfargar på. Det bles mykje og blada kom dalande ned på oss!!  «Se bladene de faller ned, nå er det høsten skal du se» sang vi. Vi fann gule, brune, oransje og raude. Det var store blad og små blad. 


Men så høyrde vi lyden av ei gravemaskin. Det måtte vi sjekke.. Den heldt på å grave attmed Oljeklefabrikken. Skal dei bygge?? Kvifor grev dei?? Det er mykje vi lurer på!!


 Vi såg til og med to stooore raude epler på eple-
treet til barnehagen. Å, dei skulle vi gjerne nådd
tak i!! Men neste år …

Vi gjekk rundt Solbakken, då såg vi skrukkete solbær på ei busk. Der var også nokre kjempefine raude bær, dei visste ingen kva det var. Kanskje dei var giftige??
Når vi kom på vegen gjekk vi veldig fint på ei lang rekke, når det kom bil gjekk vi heilt ut på kanten og stod still. Kjempeflinke!!
                               

Vi kom fram til lavvoen, spennande! Det var ikkje alle som hadde vore der før, stort telt med omn, golv og benker.. Vi fann nøtter, kongler, gaukesyre, mange forskjellege blad. Der var til og med musehol, der det budde to søte små mus. Og plutseleg var der jegerar, dei var litt usikre på om det var bjørn eller hjort dei jakta på!  Vi rulla, hoppa, sprang, klatra på steinar, låg på mjuke mosesenger, gynga på greiner og gjekk i dei bratte bakkane.

 Det var så vidt vi hadde tid å ete maten vår inne i lavvoen. Der måtte vi synge «Lille Petter Edderkopp» først. Vi såg han kom i ein lang tråd ned frå taket.


Når vi gjekk heimatt gjekk vi ein annan veg, forbi eit raudt hus, eit oransje stabbur, og ei grå løe. Det var ein gamal gard som heitte Bakken.  Alt vi såg!!  Her ser vi sauer på andre sida av fjorden og vi måtte følgje med ein raud traktor, som hadde ein kjempestor hengar med mange høyballar.


Klatremusene på jakt etter lauv

Hausten har kome, og det legg vi godt merke til på alle trea som vi ser når vi går på tur. Ein dag Klatremusene var på tur tok vi med oss eit nett som vi kunne samle mange fine blad i. For blad på bakken er eit klart teikn på at no er det haust. Blada på trea og på bakken er ikkje lenger berre grøne, men har mange fleire fargar som gul, raud, brun og oransje.



Nokre blad har til og med fleire fargar på seg.


Kanskje blada kan flyte på vatnet? Det må vi finne ut av! 


Vi fylte nettet med mange forskjellige blad, og nokre kvistrar måtte vi ta med og. Når vi kom tilbake frå turen måtte blada leggast til tørk – for neste temadag skulle vi ta dei fram igjen. 


Her limer dei blada på eit ark som er forma som eit blad. Dei fekk velje kva blad dei ville bruke ut frå blada dei sjølv hadde plukka. 


Barna får arbeide med finmotorikken, og vi snakkar om kva fargar vi ser og kva form dei har.


Sola skin og varmar godt om dagane, så vi bestemte oss for å sitte ute å lage vakre haustbilete. Sjå kor flotte dei er J

søndag 24. september 2017

Nøtteliten gjer seg kjend med Vatnebygda

Den fyrste tida i barnehagen har den flotte gjengen på Nøtteliten gjort seg trygg på og vorte kjend med nye barn og vaksne, både på vår avdeling og på Ekorna, som er i same hus som oss. I tillegg har vi trilla og gått på turar i nærområdet vårt, og då har vi og møtt barn og vaksne frå «Bedehusbarnehagen». Her er noko av det vi har sett på turane våre:


Oppe ved Bunker Oil pumpene stod det ein stor raud traktor. 
Du kan tru den laga spanande lyd!


Det er kjekt å ha ei hand å halde i, her er det to av borna som er turvenar. Her er vi i Haugane og vi har nett sett på hunden til eit av barna sine besteforeldre.


Det er mange vegar å velje mellom i Vatnebygda. Kjekt med vegar med lite trafikk, då kan små kroppar få gå, når dei har lyst til det.


Vi må studere bygginga av den nye barnehagen vår.


Rett nedom barnehagen vår har vi ei fin fjøre. Den skal vi utforske seinare.
Her er og småbåthamna, og det er kjekt å sjå på båtane som ligg der.
Her er det båtar med ulik storleik, og i ulike fargar.


Ein annan dag gjekk vi for å sjå på Vatne-elva.
Artig å sjå på vatnet som rann, og jammen laga
elva fin lyd og. 


fredag 22. september 2017

REVANE PÅ HAUSTTUR TIL GURINESET








På mandag skulle Revane ut for å sjå om hausten hadde komt til Vatne.Vi leita etter små og store blad, -og ulike former og fargar. Dei kryssa av på arket sitt etter kvart som dei fann det dei såg etter. Blada hadde fått mange fine fargar no! 
Etterpå leika vi «Haien kommer». Då laga vi sirklar i grusen.





Nokre hjelpte til å lage tomatsuppe. Det smakte utruleg godt. Tomatsuppa var orange!


Medan vi sat og åt høyrde vi nokre rara lydar. Det var nesten som om nokon ropte om hjelp! Vi skunda oss for å sjå kva det kunne vere. Revebamsen Bruno hadde hoppa i fallskjem og landa i eit tre. Han hadde med seg koffert og eit brev til Revegruppa i barnehagen på Vatne. Han hadde så lyst å vere med Revane heim for å sjå kvar dei budde. 


Kvar fredag skal ein av Revane få ha med seg Bruno heim for å passe på han. Det gler dei seg til! Han fekk mange gode klemmar med dei snille Revane.

..........................

Barnehagen skal bidra til at barna blir glade i naturen og får erfaringar med naturen som fremjar evna til å orientere seg og vere i naturen til ulike årstider. (RPL 2017)

onsdag 20. september 2017

Klatremusene på tur – snigle og maur

Kvar veke går Klatremusene på tur for å utforske ulike landskap, bli kjende med nærmiljøet, og for å lære å orientere seg og ferdast trygt i trafikken. På tur har vi fokus på å ta vare seg sjølv og kvarandre. Vi studerer livet i naturen, og får kjennskap til korleis vi kan ta vare på det.

På ein tur oppdaga vi at når det regnar så er det mange sniglar på vegen. Vi møtte både ein, to, tre.. ja mange sniglar på turen. Nokre av borna kjente på kjensla av at dei ville trakke på den eine svarte snigelen vi møtte, men det fekk ein ikkje lov til. Vi snakka om at alle saman må ta vare på skapingane i naturen. Så vi ønskja snigelen lukke til vidare, og den fekk fortsette på sin ferd over vegen.




Vi besøkte Brakkebyen og der fekk vi sjå fleire skapingar frå naturen – nemleg maur. Dette måtte vi studere. Der var til og med nokre av maurane som kraup over handa vår, og heldigvis tissa dei ikkje på oss. Dei hadde det travelt der dei gjekk på planken. Kanskje dei skulle finne noko til maurtua si? 


torsdag 14. september 2017

Då er vi i gang med eit nytt barnehageår på Bikuba

Sommaren er over og hausten har kome for fullt. På Bedehus-barnehagen har ei ny barnegruppe funne vegen, og mange nye opplevingar og erfaringar skjer kvar dag.




Avdelinga Bikuba har 21 born som dei siste vekene har blitt kjende med både kvarandre og barnehageplassen. Det har vore spennande å utforske avdelinga inne og leikeplassen ute.



Forgje veke fekk vi ny sand i sandkassa til stor glede for både store og små. Den er i full bruk av borna, og det er så mykje kjekt ein kan lage av den - ja både traktorvegar, sandslott, elver, borg og kaker. 

onsdag 13. september 2017

Vulkaneksperiment med Haregruppa

31.aug hadde vi på Haregruppa eit eksperiment som gjekk ut på å lage vulkan av natron eller bakepulver, eddik, Zalo og konditorfarge.
Noko som barna likte veldig godt,
så vi endte med å gjere eksperimentet 3 gonger til.


Dei som ville lukte fekk lukte, 
men dei syntest ikkje at det var noko god lukt av eddiken.





Det ble mykje skum når vi helte eddik ned i flaskene og det varte lenge.
Vi brukte konditorfarge i vulkanane for at det skulle bli lettare å sjå kor mykje skum det kom frå kvar vulkan.

............
Gjennom arbeid med natur, miljø og teknologi skal barnehagen bidra til at barna:
• Får oppleve, utforske og eksperimentere med naturfenomen og fysiske lover 
- Rammeplan 2017 -

torsdag 7. september 2017

Gøy å leike i søledammar

Når det regnar i strie straumar ute er det kjekt å få plaske i søledammar. I går hadde vi Zalo i søledammane. Det var kjempestas!


Barna får utforske og eksperimentere med vatn. Å bli litt våt og skitten viser berre at barna lærer og har det kjekt.