NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

torsdag 5. oktober 2017

HARANE LAGAR MAT PÅ TUR

Onsdag var Harane på tur til gapahuken i Gurineset.



Der har vi treet vårt, ei bjørk, som vi skal følge dette barnehageåret til alle årstidene.         
Vi ser på endringane og tek bilete med jamne mellomrom. 
Bilda heng på veggen inne på avdelinga.


Det vart litt ruskete ver så middagen vart enkel denne dagen.
Barna fikk bruke kniv til å kutte kyllingpølser, medan vi kokte suppe på stormkjøkken.


For å få ein litt tjukkare konsistens brukte vi ein pakke med potetmos oppi. Her er oppskrift om nokon vil prøve på tur eller heime.

2 pk betasuppe
2 l vatn
1 pk potetmos.
(Halver mengd om ynskjeleg.)

Suppa vart til lapskaus og veldig god.
.....................................

 "Gjennom medverknad i mat- og måltidsaktivitetar skal barna 
motiverast til å ete sunn mat og få ei grunnleggjande forståing for 
korleis sunn mat kan bidra til god helse."  

- Rammeplan for barnehagar 2017 -