NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

tirsdag 17. oktober 2017

Hausttur i nærmiljøet vårt

I går var Nøttene (dei eldste på Nøtteliten+÷) på tur! Vi trossa været, på med regnkleda og tok med oss godt humør på tur!


Vi tok oss god tid på vegen, alle var ute av vogna og øvde seg på å gå fint og holde i handa når vi var på tur. Ikkje alltid like gøy, mykje spennande i grøfta, og derfor blei det også mykje stopp for å sjå, ta på og snakke om kva skatter vi fant!

                           




Turmålet som var Gurineset, blei det ingenting av. Å sjå på alle dei fine blada som hadde blåst ned frå trea var mykje meir spennande. Vi fann raude, grønne, gule, brune, prikkete blad og plukka dei med oss i vogna tilbake til barnehagen. Eit av barna tok opp eit klissvått blad; såg opp å "æææsj, våt". Blada hadde også forskjellige størrelser, både store og små fant vi!


        

I det vi gjekk forbi eit hus med ein fin hage, vinka eit av barna til ei dame i vindauget. Ho var bestemor til ei anna jente i barnehagen, og inviterte oss ned i hagen så vi kunne sjå på fiskane i dammen! Det var spennande, der svømte fiskane rundt og rundt, store og små "ooooi, fisk!"




Så det blei ein variert tur i nærområdet, der vi såg at hausten var i innmarsj, konglene hadde komt på trea og ikkje minst fiskesafari 😆👍