NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

søndag 26. november 2017

Utforsking av vinteren sine første teikn



Klatremusene var på tur til lavvoen for første gang denne hausten, og det blir nok ikkje lenge til neste gang – der var det så kjekt! Turen opp var litt glatt, men heldigvis var det strødd sand slik at vi trygt kunne gå der.


Vi fekk sjå at vatnet i naturen hadde fryst til tappar.


Bakken var ikkje heilt fryst ved lavvoen så her kunne vi leike med pinner i sølepyttane. 


Det er kjekt å få vere ute i naturen.


Det er så mykje å utforske.


Sjå!!! Det er gras inn i isen jo!


Vinteren er vakker og spennande.


For ein super tur!

torsdag 23. november 2017

Klatremusene laga kunstverk

Måndag hadde Klatremusene innedag, og det var stor stemning for å finne fram maling. Barna var ivrig etter å få ta penselen fatt. 


Vi brukte fargane blå, raud, gul og grøn – men vi fann fort ut at visst ein blanda fargane så fekk ein nye fargar, både oransje, lilla og brun.


Til og med fata med malinga på såg ut som kunstverk.


Kunstverka hengte vi opp på avdelinga. Dei er så flott der dei heng J

onsdag 22. november 2017

Bakedag på Nøtteliten


På grunn av dårlege vêrmeldingar hadde vi planlagt å ha ein felles bakedag mellom gruppene på Nøtteliten. No vart ikkje vèret så gale som dei melde, men vi gjennomførte bakinga likevel.


Barna fekk bruke sansane sine til å kjenne på deiga, lukte og smake på deiga. For nokre såg det ut til å vere ei ny oppleving å handtere deig. Men alle såg ut til å kose seg.


Vi delte barna i grupper på tre og fire barn. Dei som ikkje baka leika på dei to andre romma på avdelinga. 


Medan barna sov steikte vi rundstykke av deiga og desse åt vi til måltidet klokka 13.30. Nysteikte rundstykke med smør og bringebærsylte falt i smak hos dei fleste. 

tirsdag 21. november 2017

Biene på vintertur



I dag var det så hardt og glatt ute på Bedehusbarnehagen, 
at alle Biene gjekk ein tur. 



Det var litt glatt på gangvegen. 
Men vi var flinke å gå og alle samarbeida.



  Vi såg på rimet på bakken og sola som skein på fjellet. 


Vi såg fuglar som kosa seg med bær og frø.


På ny barnehagen var det to gravemaskiner. 
Hm, skal tru kva dei skulle grave??

Kjempeflinke Bier, dette vil vi gjere fleire gonger☺

mandag 13. november 2017

WOHOOO, SNØ UTE GITT!

Endelig kom det litt snø og haggel på fredag da Klatremusene skulle ut. Vi gjekk ned på leikeplassen for å hente spade og bøtter til alle saman. 


Sjølv om snøen var våt kunne vi forme den til ballar og kake. 


Til tider var det både regn, haggel og vind medan vi var ute, men det var det ingen som brydde seg om. Her var det gledeshyl og stor begeistring for å kunne leike med snø. Vi kosa oss rett og slett J


onsdag 8. november 2017

Ekornborn på Søletur

Ei lita gruppe frå Ekorna var på søletur til Gurineset i dag. 
Så flinke små bein som går og går og held hender.

Vi plaska oss gjennom alle dammane vi såg. Stor stas.
Vi såg også på arbeidskarane som køyrde lastebil, dei som jobba på eit tak, og postdama som putta post i alle postkassene.

Vi studerte også trea som hadde mista nesten alle blada sine. 
No nærmar det seg vinter.

Ved gapahuken vart det mykje plasking og roting i dammane med både pinnar og steinar.


Det skal bli godt å kome tilbake til barnehagen for å ete litt mat, stelle seg og ta ein velfortjent kvil i vogna. :-) 

Takk for ein super tur!

mandag 6. november 2017

Knøttene på tur til Gurineset

             

I dag trilla vi på tur opp til Gurineset. Her såg vi på blada som vi fann på bakken. Vi var godt kledde og det var litt vanskeleg for mange av oss å gå så mykje på den ujamne bakken, så vi tok med oss blada inn i gapahuken i dag.


Vi bruker mange av sansane våre når vi studerer blada. 


Vi deler gjerne med kvarandre.
«Sjå kva eg fann, vil du låne dette bladet?» 😊

.....
Medan vi var i gapahuken så høyrde vi plutseleg mange nye stemmer, kven kunne det vere? 
Det var Revane som var på tur. Dei syntest det var kjekt å treffe oss på tur. Og vi syntest og det var spanande å møte dei store barna. 😊  Artig å bli litt kjende med dei som er på Bedehusbarnehagen og.

 

På veg tilbake til barnehagen trefte vi på Skogmusene på tur. Det var kjekt å sjå kor flinke dei var til å gå med tau. Så flinke skal nok vi Knøttene også bli, når vi blir litt større 😊 
Kjekt å vere på tur!

fredag 3. november 2017

Harane lærer om Misjonsprosjektet i Tanzania

No er vi godt i gang med årets Misjonsprosjekt, ang.Tanzania.
·       Vi har lært om fargane på flagget og fargelagt det.
·       Vore på flytur ilag med Linkus.
·       Blitt med på spesialoppdrag ilag med Linkus.
·       Sett på film om misjonsbarnet Signe – Marie som bor i byen Arusha.
·       Lært om Løva og Afrikansk bøffel.

Vi gleder oss til å lære enda meir om Tanzania!

                                                                                                                                    
Kjekt å lære seg nye flagg J


                                                                                    
Vi fekk sjå på kartet kor Tanzania var, slik vi visste kor vi skulle flyge helst.


No var vi klare for å ta laust og flyge. 


Vi måtte ha litt servering på turen sidan flyturen var kjempelang!


Undervegs var det film der Linkus tok oss med så vi fekk sjå korleis dei 
hadde det i byen Arusha.


Vi har lært om dei Afrikanske bøflane.


Vi laga bilete av oss sjølv der vi er løver.

Det er kjempekjekt å lære om Misjonsprosjektet i Tanzania J

torsdag 2. november 2017

PLASTALIN GLEDE 😊


På torsdag hadde Klatremus bursdagsfeiring, og i den anledning overraska vi gruppa med plastalin i alle moglege fargar. Barna skreik ut i glede og var veldig ivrige for å sette i gang.


Saman med plastalinen følgde det med både ulike mønster, dyr, kniv, presse og kjevle som alle delte på. Dei sendte det vidare slik at alle fekk prøve alt.


Sommarfuglar var det dei fleste ville lage, så mange fargerike sommarfuglar vart det.
..........................

"Gjennom arbeid med kunst, kultur og kreativitet skal barnehagen bidra til at barna har tilgang til ting, rom og materiale som støttar opp om dei leikande og estetiske uttrykksformene."

-Rammeplanen 2017-

onsdag 1. november 2017

Skogmusene lærer om Tanzania

Tidlegare har vi "reist med fly" til Tanzania.  I dag har Skogmusene høyrt litt frå Tanzania. 

Vi snakka om kva hus dei har. Tenk at sjølv om barna var små måtte dei gå langt for å hente vatn, og etterpå bar dei det heim på hovudet. Vi laga flotte bilder med hus og menneske frå Tanzania.

Vi laga chai te, men først lukta og smakte vi på ingrediensane. Nokon likte og andre ikkje. 


Men veldig kjekt å lage.