NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

fredag 21. desember 2018

God Jul!


Takk til alle som kom på Julefesten vi hadde 6.des-18.


Takk til Nissen som kom på besøk!


Førskuleborna på Grå avdeling laga dette fine Juletreet 
som pyntar opp ute.



Ein morgon borna kom til Hjerterommet for å ete frukost hadde Rampenissen halde fest om natta med alle vennane sine.


Små og store på Tryggheim barnehage, Vatne 
ynskjer dokke ei riktig God Jul!

onsdag 5. desember 2018

Grevlingane på Julevandring til Vatne kyrkje 5.12.2018


For første gong skulle vi Grevlingane få vere med på Julevandring, for no er vi nesten    4 år alle saman. Vi starta frå barnehagen når det nesten var mørkt ute og snøen lava ned, tung og våt. Når vi kom opp til kyrkja venta Linda og Arnt Ove på oss. Dei skulle vere i lag med oss på Julevandringa.


Vi samlast oppe alle saman og Linda fortalde kva som skjedde i Betlehem, og ho spurte spørsmål til «Grevlingane», som var flinke å svare. Dette kunne dei!!


Det var spørsmål om kven som ville vere «Dei tre vise menn» og dei fekk på seg fine kle og fekk med seg gåver, som dei skulle ha med seg til Jesus barnet. Alle fekk sjå på gull, røykelse og myrra.

                        

Vi sang «Eg er så glad kvar julekveld» og gjekk på andre sida av galleriet, der venta Engelen Gabriel på oss. Og han fekk med seg fleire engler. Kvite kapper, girlander på hovudet og lys i handa!



Vi sang «Ære vere Gud, ære vere Gud, ære vere Gud i det høgste» og etterpå gjekk vi ned i kyrkja.

Der samla vi oss rundt bålet, der gjeterane sat og varma seg rundt bålet og passa på sauene. 


Vi sang «Eg er så glad kvar julekveld», medan vi gjekk vidare.


Vi høyrde om Maria og Josef, som ikkje fekk seg ein annan plass å bo enn i stallen. Alle samla seg framme, rundt alterringen og Maria og Josef var inne  i lag med Jesusbarnet som var fødd i stallen. Og vi sang «Eit barn er fødd i Betlehem».

Heilt til slutt sang vi frå barnehagen:

Engelen Gabriel kom fra himmelen, 
kom til Maria i Nasaret. 
Maria, Maria du skal bli mor.                                                                          
Et barn skal du bære til Herrens ære.                                                                           
En sønn  skal du få i en seng av strå og                                               
han skal forkynne Guds ord.                                                                                 



«Barnehagen skal bidra til at at barna får kjennskap til grunnleggande verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon, og bli kjende med religionar og livssyn som er representert i barnehagen»  (RP.2017)

Snø glede


God 5.desember! 

I går hadde Blå adventssamling og juleverksted, då det plutseleg byrja å snøve ute! 

Vi var rask på med dressane, vottane og hua, for årets "første" jule/adventsnø skulle opplevast på nært hold 

Barna kjente på, studerte og trakka i snøen, det blei fotspor etter oss! Så gøy!!




Vi har måla snømenn, julenisse og snø på vindauga våra i høve årstida, så etterkvart blir det nok snømenn å finne/lage ute også! 

Vi ynskjer desember hjarteleg velkommen, måtte det bli ei fin månad med snø og julestemning både innandørs og utandørs.

Mvh Blå avdeling 

tirsdag 4. desember 2018

Snekkartime


Ein lærer fort den som følge med i timen!  😉 
Stas med snekkartime i barnehagen!   
.......................

Informasjon til dei som lurer på kva dette vesle huset 
som kom opp så brått skal brukast til:
Både små og store på barnehagen er glade i å kome seg ut på tur i det 
flotte nærområdet vi har her på Vatne.
Dei aller minste må ha turvogner, både til å sitte i og til å frakte alt utstyret dei treng for ei utflukt. 
Men vognene må ha hus når dei ikkje er i bruk.

- Takk til dei kjekke snekkarane våre som kunne ta på seg oppdraget. -

mandag 3. desember 2018

UNDRETUR TIL LAVVOEN VÅR


Fredag var oss på Grøn på "Undretur". Det var mykje vind, skulle sett skyene kor dei for i full fart på himmelen og månen kom og forsvann!!




Vi gjekk bortover veg, opp bratt bakke og 
enda oppe med lavvoen. 


Der hadde det skjedd mykje. Glede!! Heldige oss, der hadde det vore nokon å jobba. Golvet var reparert, stengene og duken på plass. Og ikkje minst, ny omn, så no kan oss fyre!!



Tusen, tusen takk til dokke som har ordna!!

tirsdag 27. november 2018

Små bakerar


I går gjekk flagget til topps på avdeling Gul, bursdagsjenta vår skulle feirast med baking for både Gul og Blå avdeling!


Eit av alternativa til bursdagsfeiringa er å få bake grove rundstykker/bollar, så det måtte vi prøve ut med våre søte små.



Å få bruke sansane sine, og få vere med å lage/forme bollane, sjå dei blir steikt i ovnen og etterpå få lov å ete dei er noko spesielt! 

 Kjekt med slike dagar på Hjerterommet/kjøkkenet vårt og det å få ete eigen bakst kan bidra til matglede hjå barna.

 

Så blei bursdagsjenta feira med krone og sang, før det var kviletid for alle bakerane våra! 

fredag 16. november 2018

I enden av regnbogen finst det GULL



og det er barnehagen vår, og alle dei flotte borna vi får lov å vere saman med nokre viktige år av livet deira. 

GOD HELG!



Estetisk oppleving for barna på raud avdeling, gruppe 2

Torsdag hadde vi ein spanande dag, der vi fekk

eksperimentere med musikk, lys og mørke. 

Vi fekk bruke sansane våre på ulike måtar i møtet

med lyd, lys, såpebobler og ballar.
Rammeplanen seier at gjennom arbeid med kunst, kultur og kreativitet skal barnehagen bidra til at barna: «møter eit mangfald av kunstnariske og kulturelle uttrykksformer og utforskar og deltek i kunst- og kulturopplevingar saman med andre» 

KD, rammeplan. s. 51

Kva skjedde når vi la handa eller foten på lyset?
Kunne lyset gå gjennom handa vår?
Det såg i alle fall spanande ut 😊

onsdag 14. november 2018

Haustens bilete – Harane


Det er så fint når det er haust. Fargane går frå grøn til raud, gul, oransje og brun. I løpet av dei siste vekene har vi hatt nokre nydelege haustdagar etter ei lang regnversperiode. 


Med kvar sin pose i handa skulle Harane få samle inn blad på tur. Dei skulle få velje akkurat dei blada dei ville som låg på bakken. Det var både store og små, brune og gule, og nokon som hadde fått alle fargane på seg. 
Dei såg ut som ein regnboge.

                             

Etter turen la vi alle blada i aviser, og stabla mange bøker på. Her skulle dei få tørke nokre dagar før vi skulle ta dei fram igjen. Veka etter fann vi fram blada saman med malingsfargane raud og gul, og rullesvampar. 


Barna fekk heile bladsamlinga si på bordet og fekk velje ut kva blader dei ville ha på arket og lage kunstverk med. Nesten alle valgte det største lønnebladet dei hadde plukka – dei var veldig populære på tur også.

                             

Nokre mala over bladet, medan andre mala rundt bladet. Bladet satt ikkje så godt på papiret, så den vaksne måtte av og til holde det på plass medan det blei mala i rundt.


Når barna tok vekk bladet eller blada så var det flotte mønster etter dei. 


Vi har pynta grovgarderoba med dei flotte bilda!


Barna skal støttast i å vere aktive og skape eigne kunstnariske og kulturelle uttrykk. Barnehagen skal leggje til rette for samhøyrsle og kreativitet ved å bidra til at barna saman får oppleve og skape kunstnariske og kulturelle uttrykk (Rammeplanen 2017:50)