NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

onsdag 28. februar 2018

"Små fota på tur i sol og minusgrader."

Vi nærmar oss mars månad, men der er ingen teikn til våren endå. Dei yngste borna på Ekorna var onsdag på tur til nausta i fjøra. Det var sju minusgrader, men med gode klede så stoppa ikkje dette ein blid turgjeng. 

 

Dei yngste øver seg no på å gå på tur med turtau. Vi øver på å halde fast, gå i samla flokk, vente på kvarandre og ta hensyn til kvarandre. Og dei har blitt kjempeflinke! 

 

Nede ved nausta skein sola og vi klatra og leika i og rundt det flotte klatretreet der. Det er viktig at borna får utfordre seg motorisk og utfolde seg i ulendt terreng. Noko dei fikk i dag. 

 

Vi gynga på greinene, klatra, sprang og krabba rundt i sola. Vi fann også ein perfekt stolpe som vi balanserte på. 


Vanskeleg var det, men så kjekt! Nokre ville gjerne prøve fleire gonger. 


På vegen opp att såg vi på dei mange båtane i småbåthavna. Ein blid og fornøgd gjeng tusla seg opp att i barnehagen for å fortelje om det spanande eventyret vi hadde vore på! 

Ein frisk og kjekk turdag på Ekorna!